Hopp til innhold

Dette blir FNs neste generalsekretær

Det blei verken ei kvinne eller nokon frå Aust-Europa, sjølv om mange meinte tida er inne for det. Antonio Guterres bli etter alt å dømme FNs neste generalsekretær.

UN-ELECTION/

Etter ei uformell avstemming onsdag der 13 av 15 medlemmer i tryggingsrådet stemte for Guterres sitt kandidatur, samla heile rådet seg bak han torsdag.

Foto: RAFAEL MARCHANTE / Reuters

– Eg kan skildre korleis eg kjenner meg no med to ord; takksam og audmjuk. Audmjuk stilt ovanfor dei dramatiske utfordringane i verda i dag, og ovanforfor dei eg skal tene, spesielt dei mest sårbare, sa Antonio Guterres frå talarstolen i det portugisiske utanriksdepartementet i dag.

Det var hans første kommentar etter at eit einstemmig tryggingsråd kunngjorde at Portugals tidlegare statsminister er mannen for jobben.

Sjå kveldens Urix der vi presenterer den nye generalsekretæren

Hadde håpa på ei kvinne og ein aust-europear

Og at det blei ein mann som skal ta over for Ban Ki-moon i januar falt tungt for mange som har meint at det er på høg tid at organisasjonen får sin første kvinnelege leiar. Det har vore fleire kvinner blant dei nominerte, i det som har vore den første opne prosessen nokon sinne når det kjem til val av kven som skal styre FN.

FILES-COSTA RICA-UN-CLIMATE-DIPLOMACY

Christiana Figueres, klimasjef i FN og også kandidat til å ta over leiarvervet i organisasjonen.

Foto: TOBIAS SCHWARZ / Afp

Ein av dei, Christiana Figueres, har blanda kjensler, skriv ho på Twitter. Ho er skuffa over at jobben ikkje går til ei kvinne, men seier at Guterres var «den meste mannen i tevlinga» og gratulerer han.

Laster Twitter-innhold

Geografi er også ein faktor som spelar inn, og mange meinte at Aust-Europa no stod for tur. Blant anna har Russland, ein av dei fem faste medlemmene i Tryggingsrådet, vore opptekne av dette.

Håpar dette vitnar om eit meir samla FN

Det var difor overraskande av avgjerda kom så rask og så einstemmig, sjølv om Guterres lenge har vore ein favoritt, skriv The Guardian, og viser til diplomatiske kjelder. Det var til og med Russland sjølv som leia ordet då Tryggingsrådet kom med si kunngjering i dag, ved FN-ambassadør Vitali Tsjurkin.

– Eg håpar dette representerer noko symbolsk - at Tryggingsrådet styrkar kapasiteten sin til å handle samla for å skape dei beste føresetnadene for å ta avgjerder om dei dramatiske problema i vår tid, sa ein rørt Guterres.

Først neste veke vil han bli formelt utnemd, når dei 193 medlemslanda gir si stemme i FNs generalforsamling - ein formalitet, seiast det.

UN-DIPLOMACY-VOTE

Mange hadde frykta at Russland ville legge ned veto mot Guterres. I staden var det Russlands FN-ambassadør som nøgd kunne annonsere at Tryggingsrådet saman hadde kome fram til ein kandidat.

Foto: EDUARDO MUNOZ ALVAREZ / Afp

Vil vere ein handlekraftig leiar

Guterres var Portugals statsminister frå 1995 til 2002. Den 67 år gamle sosialistiske politikeren vil bli den første tidlegare statssjef som vil leie FN. Han har lova å reparere det mange ser som ein handlingslamma organisasjon, og gi eit løft til det fredsskapande arbeidet og fremjing av menneskerettar.

– La det vere klart; vi har alt for mange møter, med alt for mange folk, diskuterer for mange tema og tek for få avgjerder, sa han då han i april blei intervjua i generalforsamlinga i New York.

Hans lange erfaring som FNs høgkommissær for flyktningar blir også trekt fram som ein styrke, ettersom det blir sett på som ein av fleire store utfordringar for FN også i tida som kjem.

SISTE NYTT

Siste nytt