– Eg gjev regjeringa si oppseiing til president Mahmoud Abbas, seier avgåande statsminister Mohammad Shtayyeh, ifylgje nyheitsbyrået AFP.
Han la til at avgjerda kjem i kjølvatnet av «utviklinga knytt til aggresjonen mot Gazastripa og eskaleringa på Vestbreidda og Jerusalem».
– Den neste fasen og utfordringane krev nye politiske grep som tar for seg den nye verkelegheita på Gazastripa, sa han vidare på pressekonferansen.
Shtayyeh mana til palestinsk samhald og ei utviding av palestinsk styre over alle dei palestinske områda. Han skal ha varsla presidenten om avgjerda allereie førre tysdag, men at ho blei formelt gjeve måndag.
Ifylgje avisa Asharq Al-Awsat er det Mohammed Mustafa, sjefen for Det palestinske investeringsfondet, som skal utnemne ny regjering.
Avisa skriv at regjeringa skal bestå av ekspertar og teknokratar.
Fleire land, mellom anna USA, har bede om ei reformert palestinsk sjølvstyremyndigheit. Det skal vere ynska for å kunne styre heile det palestinske territoriet etter ein slutt på Gaza-krigen, ifylgje AFP.
President Abbas har vore under press sidan Hamas-åtaket 7. oktober. Kritiske røyster har peika på at han ikkje i stor nok grad har fordømma Israel sitt svar som òg har inkludert auka bruk av vald på Vestbreidda.
Utanriksminister Espen Barth Eide meiner det er viktig at ei ny palestinsk regjering, skal vere så representativ som mogleg, inntil val kan bli halde på eit seinare tidspunkt:
– At okkupasjonen tek slutt og at sjølvstyremyndigheita blir reformert, er føresetnader for ei tostatsløysing og ein palestinske stat.
– Posisjonering
Meldinga om regjeringa sin avgang er overraskande, synest Hilde Henriksen Waage, som er professor ved Universitetet i Oslo (UiO) og seniorforskar ved fredsforskingsinstituttet Prio.
– Det bidrar berre til ytterlegare palestinsk kaos og liknar på god gammaldags palestinsk maktkamp, seier Waage til NTB.
Ho viser til at palestinarane sin 88 år gamle president Abbas ikkje har utpeika nokon arvtakar til når han ikkje lenger er president.
– Dette tyder på at det er palestinske politikarar som prøver å posisjonere seg til den nye verkelegheita etter at krigen på Gazastripa er over, seier Waage.
– Eg synest det høyrest veldig rart ut at denne regjeringa trekker seg som fylgje av vestleg press eller ynske, legg ho til.
Fyrstelektor Dag Henrik Tuastad ved UiO seier styringa av Vestbreidda vil halde fram.
– Sjølv om regjeringa formelt går av, vil ho sitje til ei ny er på plass. Men det er ein spesielt når ein har krigen i Gaza, og samstundes ein uavklart situasjon med sterk israelsk aktivitet på Vestbreidda, seier Tuastad.
Delt makt
Shtayyeh har vore statsminister på Vestbreidda sidan 2019. 66-åringen er medlem av partiet Fatah, som er den største og viktigaste fløya i Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO).
Tuastad meiner det har vakse fram eit behov for ny styring.
– Palestinarar på Vestbreidda ynskjer ei regjering som òg kan ta kontroll i Gaza. Det har vore naudsynt å byte ut den sitjande regjeringa.
Sidan 2007 har det palestinske leiarskapet vore delt mellom den palestinske sjølvstyremyndigheita under president Mahmoud Abbas, og Hamas som kontrollerer dei palestinske områda i Gaza.