Hopp til innhold
Korrespondentbrev

Den grøne porten til Berlin

Migrantane kallar grensestasjonen mellom Kviterussland og Polen «Den grøne porten til Berlin». Men eg har funne ein annan grøn port. Ved ein kyrkjegard der dei gravla ein 19 år gammal syrisk mann.

VG0PqnLwUQ8

Migrantar slår seg til ved «Den grøne porten.» Eit polsk militærhelikopter passerer innanfor EUs yttergrense.

Foto: BelTA / Reuters

Igjen er det dei historiske tilfeldigheitene som slår meg. På grensa til Polen har det i 600 hundre år budd ein muslimsk minoritet som blir kalla lipkatatarane. «Lipka» er det namnet krimtatarane brukar på Litauen, og desse tatarane som bur i grenseområda mellom Litauen, Kviterussland og Polen

Dei har anar heilt tilbake til Djengis Khan.

Og det var dette samfunnet, som er ei historisk attgløyme på grensa, som tok på seg å gje 19 år gamle Ahmad al-Hassan ei muslimsk gravferd.

fU_ZrJDyDGw

Ahmad al-Hassan blei gravlagd på ein muslimsk gravplass som tilhøyrer den lokale Tatar-minoriteten.

Foto: MARKO DJURICA / Reuters

Den grøne porten

Den grøne grensestasjonen mellom Kviterussland og Polen har den siste veka vore busett av migrantar som har gått i klinsj med polsk grensepoliti.

Det er ein port med stor symbolverdi. For den har blitt marknadsført som ein slags magisk portal til menneske frå krigsherja land i Midt-Austen.

Jawad

Jawad (til venstre) og sonen ved mottaket.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Eg møter afghanske Jawad ved det einaste opne mottaket i den polske byen Bialystok.

Her bur dei mest sårbare migrantane. Dei som har svevd mellom liv og død på sjukehus, eller har helseplager som gjer at dei treng ekstra omsorg.

På uteplassen står Salam og leiker med nokre duer. Han har Downs syndrom. Jawad er innkvartert der med to born som også har ei form for psykisk utviklingshemming.

Salam

Salam matar duene utanfor mottaket i Bialystok.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Jawad fortel dei var åtte personar som kjøpte pakketur til Kviterussland.

På reisebyrået sa dei det ville bli lett å ta seg inn i Polen. Men no veit eg sanninga. Det har vore det verste helvete på jord. Vi låg i ein fuktig og iskald skog og gøymde oss for politiet i vekevis. Eg har ikkje ord kor tøft det var.

e4_njz0GUfM

Polsk grensepoliti tek i bruk vasskanonar mot migrantane som står ved den grøne grensestasjonen.

Foto: LEONID SHCHEGLOV / AFP

Eg spør kva han synest om å bli brukt i eit slags politisk spel mellom Kviterussland og Polen. EU og spesielt Tyskland meiner migrantkrisa er skapt av den kviterussiske presidenten Lukasjenko for å skape uro og splid i EU.

Jawad ristar på hovudet medan han tek eit djupt drag av sigaretten.

Eg er ein høgt utdanna person, eg er ikkje noko dyr. Og når eg såg at vi blei utnytta i eit politisk spel, kjende eg på eit enormt raseri. Og då eg kom til Polen, såg alle på meg med mistenksame auge. Eg er ingen terrorist. Eg vil berre ta meg arbeid og leve eit normalt liv.

– Eg trudde eg budde i Europa

I sentrum møter eg to kviterussarar på kafe. Den eine, Zmicier Koscin, er reporter for radio Bialystok. Den andre ein aktivist som står i opposisjon til Kviterusslands president Lukasjenko.

Eg trudde eg budde i Europa heilt til valet i fjor, fortel Koscin. Plutseleg blei folk arrestert av politiet og torturert i mørke kjellarar.

Aktivisten fortel at krisa på grensa er øydeleggande for økonomien på begge sider. Polen treng arbeidskraft frå Kviterussland, som til dømes sesongarbeidarar i jordbruket.

Zmicier Koscin

Kviterussiske Zmicier Koscin arbeider for den polske kringkastinga lokalt i Bialystok. NRK møtte han og ein opposisjonell som ville vere anonym fordi ho ikkje ville at familien hennar skulle få problem i Kviterussland.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Medan polakkane dreg til Noreg for å plukke jordbær, kjem kviterussarane til Polen for å gjere det same. Vi filosoferer litt over dei globale ulikskapane, og at det er noko menneskeleg å søke til ein rikare del av verda for å få betre økonomi og eit betre liv.

Lukasjenko vil berre bli anerkjent som Kviterusslands president. Han vil bli kvitt sanksjonane som råkar han og kretsen rundt han så hardt økonomisk, fortel aktivisten.

Han såg at president Erdogan i Tyrkia fekk ein avtale med EU ved å bruke migrasjonskrisa. Men det er eit farleg spel, fortel ho alvorleg.

Polske soldatar på eit jorde like ved den kviterussiske grensa.

Polske soldatar på ei jorde like ved grensa til Kviterussland. Hit kjem vanlegvis kviterussiske gjestearbeidarar i sommarhalvåret.

Foto: JANEK SKARZYNSKI / AFP

Polske styresmakter har sagt til forretningsmenn her i Bialystok at held krisa fram, så vil det bli ein slutt på å samarbeide med kviterussiske firma, så eg trur nok ikkje det var den reaksjonen Lukasjenko hadde forventa, fortel aktivisten meg.

Grensebyen

Kuznica er ein viktig polsk grenseby. Her går det både tungtransport og godstog med jernbane inn og ut av Kviterussland.

Her kjem det gods heilt frå Kina og ratane er gode, for no skal europearane ha julegåvene sine.

Ei lokal kvinne fortel meg at her tener ungdom sine første kroner ved å smugle bensin. Det er litt av sjarmen ved å bu på ei grense. Sigarettar og alkohol, det er som ein slags sport å tene seg nokre kroner på dette.

Kuznica

NRK rapporterer frå grensebyen Kuznica.

Foto: Nicola Zini / NRK

No er det blitt alvor. Bebuarane langs grensa er redde for at det skal bli krig. Dei ser store kolonnar med politi og militærkøyretøy. Heimevernet er mobilisert med to bataljonar på grensa. Det er om lag 6.000 soldatar som til vanleg har ein annan jobb.

Polsk avis

Storpolitikken har dominert i dei polske avisene.

Foto: roger Sevrin Bruland / NRK

I tillegg har regulære militære avdelingar blitt flytta frå vest til aust i Polen. Ingen veit kor stor styrken på grensa er blitt, men det er minst 15.000 kanskje fleire.

På fjernsyn handlar det om enten koronaviruset eller grensekrisa. Naboar har byrja skule på kvarandre. Skjer det noko mistenkeleg blir politiet kontakta.

Eit eksempel på dette var når eg måtte sende ein medhjelpar med fly tilbake til Tyskland. Bialystok er den største byen i Europa som ikkje har eigen flyplass. Så vi måtte ringe og bestille drosje til flyplassen i Warszawa som ligg to timar med bil unna.

Polske soldater og politi vokter grensa mot Hviterussland nær Kuznica.

Polske soldatar og politi vaktar grensa mot Hviterussland nær Kuznica, 11. november.

Foto: HANDOUT / Reuters

Mistenkt for å vere menneskesmuglar

Polka? Polka?

Kva for noko? Lurte taxisjåføren på om du dansar polka, spør eg?

Nei, han lurte på om eg var polsk forklarer medhjelparen.

Det er så uvanleg at folk tek drosje til Warszawa at sentralborddama trudde medhjelparen var ein menneskesmuglar.

Etter å ha vist fram pressekort og forklart situasjonen til drosjesjåføren, roar han seg ned og dei dreg vidare til flyplassen.

Podlasie er framleis den fattigaste regionen i Polen, og drosje er tydelegvis rekna som ein luksus berre kriminelle har råd til.

Helsing frå «Hybridane»

Podlasie har vakker natur. Her blir det dyrka korn og røkta grisar. Dei har fantastisk røykt kjøt og heimelaga ostar. Det er her polakkane kjem på helgetur for å ete og drikke godt.

Kortreist mat

Kortreist mat servert av ein lokal familie. Sylteflesk, leverpostei og røykt kjøt.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Men no har polske myndigheiter laga ein tre kilometer djup sikkerheitssone mot grensa. Gjestgivargardane er stengde, og heile tettstadar er isolerte frå omverda.

Når eg spør ulike aktørar om kvifor, meiner dei det først og fremst er gjort for å halde pressen unna.

Adressser

Adresseskilt er dekka til inne i sikkerheitssonen.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Ei pressetalskvinne frå den katolske hjelpeorganisasjonen Caritas er litt meir moderat: Dei er redde for at journalistar skal bli skadde i samanstøyt fortel ho.

Men dette gjer også arbeidet til hjelpeorganisasjonane krevjande. Organisasjonar som Caritas er avhengige av at dei har fastbuande inne i sikkerheitssonen som kan levere hjelpepakkar.

Nyleg har Eu-parlamentet kritisert den polske regjeringa for forsøk på å kneble media i landet.

Nokre journalistar eg snakkar med meiner polakkane vil skjule at dei sender folk som vil søke asyl tilbake over grensa.

Polske aktivistar arrangerer difor sokalla intervensjonar for pressen. Det betyr at når ein finn migrantar inne i Polen, tilkallar aktivistane journalistar som kan dokumentere at dei er komne på polsk jord.

Grupa granica

Aktivistar som Grupa granica held kontakt med media ved hjelp av den krypterte appen Signal.

Foto: NRK

Men denne veka har det vore få slike intervensjonar. Og dei som blir funne i ein skog eller på eit jorde er ofte så utmatta at dei må bli frakta på sjukehus. Slik har intervensjonane flytta seg frå utmarka og inn på akuttmottaka ved sjukehusa på grensa.

Et ufødt barn av en kurdisk migrant begraves nær den hviterussiske grensen i Polen

Gravferd for eit ufødt barn av ein kurdisk migrant nær den Kviterussiske grensa i Polen. Foto frå landsbyen Bohoniki, 23. november.

Foto: SERGEI KARAZY / Reuters

Samtidig har det humanitære perspektivet kverve vekk på grensa mellom Kviterussland og Polen.

Kritikken mot polske abortlover og politisering av rettsvesenet har også stilna hen. For no handlar det om å stå saman for å verne EUs-yttergrense.

wxleBrrVcAY

Den avtroppande tyske utanriksministeren Heiko Maas går hardt ut mot Kviterussland.

Foto: Salvatore Di Nolfi / AP

Den tyske utanriksministeren Heiko Maas kallar det ein hybridkrig og at EU må stå samla.

På den eine sida forlanger altså EU at Polen føl folkeretten, samtidig som dei krev at Polen verner EUs-yttergrense.

Polen har med dette hamna mellom barken og veden.

Den siste reisa gjennom den grøne porten

Men tilbake til Ahmad. 19 åringen som drukna i elva Bug ved den kviterussiske byen Brest.

Nyheitskanalen al-Jazeera har forsøkt å finne ut kven han var. Og dei meiner han kom frå den krigsherja byen Homs i Syria. Han vaks opp i ein flyktningleir, og vart ein av mange ungdommar som mista barndommen sin i den blodige syriske borgarkrigen.

Ein kamerat av Ahmad påstår at ein kviterussisk soldat skubba han i elva med ordre om å ta seg inn i Polen. Men den unge mannen kunne ikkje symje og for med straumen i den elles så grunne elva.

Etter ein månad på eit likhus i den polske byen Bielsko Biala, tok dei lokale Lipka-tatarane grep. Dei ville gje han ei muslimsk gravferd.

Familien følgde gravferda på videolink via ein mobiltelefon, elles var det få som kjende den avdøde.

Leivningane hadde også vore så lenge på likhuset til at dei ikkje gav meining å vaske kroppen slik som skikken er.

Muslimsk kyrkjergard Polen

Her enda draumen om Europa for 19 år gamle Ahmad. Ved den muslimske gravplassen i Bohoniki.

Foto: roger Sevrin Bruland / NRK

Når NRK besøker kyrkjegarden nokre dagar etter får vi vite at det er sett av fleire gravplassar på kyrkjegarden, for ein fryktar at det er fleire som vil døy i tida framover.

Alle vil bli frakta inn den grøne jernporten til kyrkjegarden – ein port som ikkje leder til Berlin.

SISTE NYTT

Siste nytt