Hopp til innhold

Demonstrerte utanfor togstasjonen i Budapest - fryktar at Tyskland stenger grensa før dei kjem fram

BUDAPEST (NRK): 100 – 150 migrantar demonstrerte utanfor togstasjonen i Budapest i dag tidleg etter at politiet hindrar dei i å kome seg på tog til Austerrike og Tysklane.

Politiet foran jernbanestasjonen i Budapest

Politiet framfor jernbanestasjonen i Budapest.

Foto: Guri Norstrøm / NRK

Seint i går kveld var det framleis fullt av migrantar utanfor togstasjonen i Budapest. Direktebilete frå morgontimane i dag viser at situasjonen er uendra.

No demonstrerer fleire av dei mot at dei blir hindra å kome inn på togstasjonen for å ta seg vidare inn i Europa, sjølv om fleire av dei alt har kjøpt togbillett.

– Vi fryktar at det vil endre seg ein dag, at også Tyskland stenger grensene når dei har fått nok. Vi må reise ekstremt raskt, seier Bilal, ein syrisk flyktning som har reist frå Aleppo.

– Løyser ingenting med piggtråd

Mange EU-land reagerer på måten Ungarn har stelt seg til flyktningsituasjonen. Blant dei, den franske statsministeren Manuel Valls.

– Ein løyser ikkje dette problemet ved å sette opp piggtrådgjerder slik som Ungarn har gjort mot grensa til Serbia, sa han i går.

Manuel Valls

Manuel Valls er kritisk til at Ungarn har sett opp piggtråd for å halde ute flyktningane.

Foto: Regis Duvignau

Ironisk nok skjedde dette nøyaktig 26 år etter at Ungarn opna sine grenser for å sleppe tusenvis av austtyskarar inn i Vesten. Fleire tusen flyktningar frå Syria og andre land er alt i Budapest i håp om å få dra vidare, aller helst til Tyskland eller andre vestlege land.

Brei motstand

Meiningsmålingar viser at eit fleirtal av innbyggjarane i landa i Aust-Europa ikkje ønsker å sleppe inn flyktningane.

Polen, Ungarn, Tsjekkia og Slovakia skal ha eit hastemøte førstkomande fredag. Der er det sannsynleg at landa blir samde om å halde oppe motstaden mot å ta imot fleire flyktningar.

EUROPE-MIGRANTS/HUNGARY Migrants rest in an underground station near the main Eastern Railway station in Budapest

Migrantar i ein undergrunnsstasjon i Budapest.

Foto: LASZLO BALOGH / Reuters

– Når det kjem til å halde kvotane nede, er vi samde, seier statsministeren i Tsjekkia.

Dei baltiske statane i nord deler synet hans. Anten det er i Warszawa, Praha, Bratislava eller Riga, poengterer politikarane ofte at flyktningane reknar landa i det sentrale Øst-Europa som reine transittstatar,

Dei fleste flyktningane ønsker uansett ikkje å bli i dei relativt fattige landa i aust, blir det hevda.

Vil registrere alle

Ungarske styresmakter sa i går kveld at dei vil registrere alle asylsøkarane, og behandle søknadane deira for å avgjere om dei faktisk treng vern.

Men ungarske styresmakter slit, fordi det er enomt mange som er reist til landet.

Styresmaktene seier at dei er imot eit kvotesystem for fordeling av flyktningar og migrantar i Europa, fordi dei meiner det berre vil oppmuntre endå fleire til å kome, og at det vil oppmode til menneskesmugling.

SISTE NYTT

Siste nytt