Hopp til innhold

Dei fire sakna på Grønland truleg døde

Grønlandsk politi reknar med at dei fire som var sakna etter flodbølgja på Grønland i helga, ein familie på tre og ein eldre mann, har mist livet.

Tsnunami på Grønland

Flodbølgja som ramma Grønland laurdagskvelden forårsaka store øydeleggingar. Her frå Illorsuit.

Foto: OLINE NIELSEN / SCANPIX DENMARK

Det var laurdagskvelden klokka 21.48 at den vesle bygda Nuugaatsiaq vart ramma av ei flodbølgje etter eit ras i Karrat Isfjord. Fleire bygningar vart skylde på havet , og ingen har sett dei fire sidan .

Det er snakk om ein familie på to vaksne og eit barn pluss altså ein eldre mann som budde åleine. Det har vore søkt etter dei sakna sidan søndag, men i dag måtte leitemannskapa innstille arbeidet på grunn av is, straum og dårleg sikt, melder det grønlandske kringkastingsselskapet KNR (Kalaallit Nunaata Radioa) .

190 evakuerte

I alt 190 personar er evakuerte etter flodbølgja i bygdene Ummannaq, Nuugaatsiaq og Illorsuit.

Laurdag kveld vart Grønland ramma av eit uvanleg kraftig jordskjelv, som målte 4,0. Det vart spekulert i om det var jordskjelvet som utløyste flodbølgja, men danske ekspertar seier i dag at skjelvet ikkje var sterkt nok til å forårsake ei så kraftig bølgje.

Seismolog Peter Voss ved «De Nationale Geologiske Undersøgelser for Danmark og Grønland» seier til Danmarks Radio at det er for tidleg å seie kva som utløyste raset i Karrat Isfjord.

I helga vart det spekulert i om at det var jordskjelvet som utløyste raset.

– Jeg føler med befolkningen og har lyst å hjelpe

– Ustabile forhold

Han fortel at mykje tyder på at geologien er ustabil i området, og det er sett i verk auka overvaking av frykt for nye ras. Eit marinefartøy ligg no i nærleiken for å følgje med på utviklinga, og det er frykt for at ein fjellvegg kan rase i havet.

Raset laurdag var på 300 x 1100 meter, så det var store jord- mog fjellmassar som raste ut i sjøen.

Bygdene som vart verste ramma ligg ruindt 30 kilometer frå rasstaden.

Oversvømmelser Grønland

SISTE NYTT

Siste nytt