CNN saksøkt for ærekrenking – har blitt einig med skuleelev om forlik

CNN har inngått forlik med ein amerikansk high school-elev etter at dei viste video av ein konfrontasjon ved Lincoln-monumentet i fjor.

Nick Sandmann og Nathan Phillips og skolelever fra Covington Catholic Hign School i Kentucky i konfrontasjon foran Lincoln-monumentet i Washington

KONFRONTASJON: Elevane frå ein katolsk skule i Kentucky var på klassetur til hovudstaden da dei støtte på ein aktivist ved Lincoln-minnesmerket i Washington DC.

Foto: Kaya Taitano/Social Media/via REUTERS

Hendinga ved minnesmerket i den amerikanske hovudstaden Washington vart filma og videoen gjekk viralt. Han vart vist på ei rekke TV-stasjonar og omtalt verda rundt i januar i fjor. Også NRK skreiv om saka, og har i ettertid gjort rettingar i framstillinga.

Eleven var på skuletur til Washington saman med medelevar frå ein katolsk skule i Kentucky. Skuleklassen, som berre bestod av gutar, skulle delta i ein anti-abort-demonstrasjon då dei støtte på ei anna gruppe demonstrantar ved Lincoln-minnesmerket. Det er denne episoden som vart filma og spreidd i sosiale medium.

Videoen viste at elevane tilsynelatande håna ein amerikansk urinnvånar og aktivist, Nathan Phillips. Phillips som er soldat-veteran, tilhøyrer Omaha-stammen og demonstrerer årleg i Washington. Andre videoer viste at det var Phillips som nærma seg skuleklassen, og at dei unge gutane først trekte seg tilbake.

CNN bekrefter at TV-stasjonen har inngått forlik, men avslører ikkje summen.

Skulen trua med utvising

Skuleeleven som stod i front då Phillips kom bort til elevane, Nick Sandmann, fekk knallhard kritikk i amerikanske og sosiale medium for måten han og medelevane møtte Phillips på.

Dei to sto ansikt-til-ansikt tett oppi kvarandre, Sandmann smilande med «Make America Great Again»-caps. Elevane skal òg ha ropt slagord mot Phillips.

Dette vart tolka som hets og mangel på respekt, og fordømminga vart nær unison. Kritikken førte til at skulen trua med å utvise både Sandmann og fleire andre elevar.

Covington Catholic High School i Kentucky

Elevane frå Covington Catholic High School i Kentucky, var på skuletur til hovudstaden Washington.

Foto: Lisa Cornwell / AP/NTB Scanpix

Dei som forsvarte Sandmann peika på at videoen ikkje viste heile situasjonen. Elevane sa dei vart feiltolka, og at dei ikkje hadde opptredd respektlaust. I mars saksøkte Sandmann i alt fire TV-stasjonar for ærekrenking.

Milliarderstatning

No har CNN inngått forlik med Sandmann, skriv avisa The Washington Examiner.

Summen på forliket er ikkje offentleggjort, men søksmålet var på 275 millionar dollar. Det svarer til 2,4 milliardar norske kroner.

Sandman sjølv stadfestar forliket, men vil overfor avisa heller ikkje stadfeste summen.

I ein tidligare versjon av denne saka skrev NRK at tenåringen får ein erstatning på 2.4 milliarder kroner. Summen på forliket er ikkje kjent.

SISTE NYTT

Siste nytt