Hopp til innhold

Carl I. Hagen meiner Vesten bør respektere at Russland tek Krim

I eit intervju med nyheitskanalen Russia Today (RT) seier Carl I. Hagen at Nato burde halde seg unna konflikten mellom Russland og Ukraina om Krim.

Carl I. Hagen

Carl I. Hagen seier til ein russisk nyheitskanal at Nato ikkje bør blande seg inn i konflikten på Krim.

Foto: Russia Today

Den engelskspråklege nyheitskanalen RT publiserte søndag eit intervju med Carl I. Hagen. Han blei blant anna spurt om kva han tenkte om den tilspissa konflikten på Krim-halvøya. Hagen sa at han meinte det var gale av Vesten å støtte den ukrainske sida i konflikten, og at ein i større grad burde ha lytta til kva dei russisktalande på Krim ønsker.

– Folk kjenner seg knytte til ei etnisk gruppe. Og dersom ein del av Ukraina meiner dei heller burde vere ein del av Russland, burde dei kunne få seie det i ei folkeavstemming, og vi burde respektere valet.

I 2014 stemte innbyggarane på Krim over om dei ønskte å lausrive seg frå Ukraina og bli ein del av Russland. Det skjedde etter at Russland først okkuperte, og seinare annekterte Krim-halvøya. Men verken Noreg, USA eller G7-landa godkjente resultatet av folkeavstemminga. Dåverande utanriksminister Børge Brende sa allereie før avstemminga at Noreg ikkje kunne godta resultatet.

– Noreg meiner folkeavstemminga under dei rådande omstenda er i strid med folkeretten og utan legitimitet, sa Brende då.

Ber Nato halde seg borte

Konflikten mellom Russland og Ukraina spissa seg til i slutten av november, då det var samanstøytar mellom russiske og ukrainske skip i sundet mellom Svartehavet og Asovhavet. Det førte til at Ukraina innførte militær unntakstilstand, og bad Nato om hjelp i konflikten.

I intervjuet med den russiske kanalen seier Hagen at han håper det ikkje skjer.

– Eg meiner Nato burde halde seg borte frå Russlands bakgard. Eg forstår ikkje kvifor vi ikkje kan akseptere at Russland tek Krim der det bur mange russarar, når folkeavstemminga på Krim viser at dei ønsker å vere ein del av Russland. Vi skulle ha respektert det.

Førebels er intervjuet med Carl I. Hagen publisert i den engelskspråklege kanalen til RT. Den statlege kanalen har ikkje laga nokon variant til dei russiskspråklege kanalane sine. Andre russiske medium har heller ikkje sitert intervjuet hittil.

Meiner det kan skape fred

Overfor NRK utdjupar Hagen det han sa i intervjuet med RT. Han meiner det er eit problem at den norske regjeringa ikkje har godkjent folkeavstemminga på Krim i 2014, og at det kan vere med å skape eit anstrengt forhold mellom Noreg og Russland.

– Russland har hovudflåtebasen mot Svartehavet på Krim. Då er det dumt å tru at Russland vil gi avkall på Krim, og no må vi få fredelegare forhold. Vanlege menneske i Nord-Noreg ønsker seg eit godt forhold til Russland. Og det meiner eg vi skal hjelpe dei til å få.

Du er ikkje redd for at russiske styresmakter skal bruke utsegnene dine?

– Det må dei gjerne gjere, det spelar lita rolle. Det er mange i Vesten som meiner sanksjonar er med på å trappe opp konflikten. No må vi i staden roe det ned og respektere folket på Krim, som ønsker å bli ein del av Russland.

Undergrev du ikkje norsk, offisiell politikk med det du seier?

– Nei, eg viser at eg ikkje er samd i norsk, offisiell politikk på området. Og det er det mange andre som også gjer.

Meiner du norsk utanrikspolitikk har blitt for USA-venleg?

– No for tida synest eg han er det. Det var ikkje slik i gamle dagar, men eg meiner det er situasjonen no. Vi må tenke litt på norske interesser. Vi har fiskeri, Svalbard og olje og gass i nordområda. Vi er tente med eit godt naboskap til Russland.

– Norsk politikk ligg fast

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier til NRK at utspelet til Carl I. Hagen ikkje endrar på noko i norsk utanrikspolitikk, som har brei støtte i Stortinget. Det er heilt naturleg at Noreg reagerer på Russlands militære maktbruk på Krim for å endre grenser i Europa.

– Noreg har ikkje godkjent folkeavstemminga i 2014 eller dei såkalla vala som var nyleg. Det er rett og slett fordi vi ikkje godkjenner anneksjonen av Krim. Det er eit brot på folkeretten.

Ine Marie Eriksen Søreide

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier det er uaktuelt for Noreg å godkjenne annekteringa av Krim. Dette er norsk politikk som ligg fast, og som har brei politisk støtte på Stortinget.

Foto: Alem Zebic / NRK

Ho fryktar ikkje at denne haldninga skal skape problem mellom Russland og Nato-medlemmen Noreg.

– Vi har samanfallande interesser med Nato og USA, og dei har like interesser som oss. Russarane er også godt kjent med våre haldningar. Vi har ein politisk dialog og eit praktisk samarbeid med Russland, som er viktige for å ta vare på dei interessene vi har.

Ho her heller ikkje samd i Hagen sin påstand om at norsk utanrikspolitikk har blitt for USA-vennleg.

– Det får stå på Carl I. Hagen si rekning. Vi fører ein politikk som er basert på norske interesser, og som har brei støtte i Stortinget.

Støtte frå Støre

Ap-leiar Jonas Gahr Støre var utanriksminister i nesten sju år. Han støttar den norske utanrikspolitiska linja i Krim-konflikten.

– Vi annekterer ikkje land, og vi går ikkje fram på ein måte som strir mot folkeretten, slik Russland har gjort. Og det må Russland tole at resten av Europa seier ifrå om. Og seier vi ikkje ifrå om det, blir det urolege tilstandar mange andre stader også.

Ap-.leiar Jonas Gahr Støre.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner Russland må tole at Europa seier ifrå når dei bryt folkeretten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Støre fryktar ikkje at den norske haldninga til Krim-konflikten skal gå ut over naboskapet med Russland.

– Eg ønsker eit nært naboforhold til Russland med eit tett samarbeid. Og så må Russland vere ansvarlege for sine handlingar. Dei påverkar også vennskap både med naboar og andre.

SISTE NYTT

Siste nytt