Hopp til innhold

Brasil gjer det straffbart å hetse homofile og transpersonar

Den tidlegare presidenten i Brasil kalla seg sjølv for ein «stolt homofob». No kan hatytringar mot homofile og transpersonar føre til både fengsel og bøter.

Ein mann med regnboge-pannebånd står framfor ei lenger trapp, det er mørkt ute. mannen har på ei kappe med bilete av Lula da Silva på.

LULA SOM KAPPE: Fleire LHBTQ-personar uttrykte glede då Lula blei vald som president i 2023. Biletet er frå pride i Rio de Janeiro i fjor.

Foto: Silvia Izquierdo / AP

Ni av ti dommarar stemte ja til lovforslaget i Høgsterett tysdag. Strafferamma er den same som for rasisme.

Dermed risikerer ein to til fem år i fengsel og bøter viss ein ytrar seg homofobisk eller transfobisk i Brasil.

Dette skjer etter at president Luiz Inácio Lula da Silva, betre kjent som Lula, har uttalt at han ønsker fleire demokratiske lover.

Lula snakkar i mikrofon og held knyttneven i veret medan han snakkar på ei scene. Kvinner klappar og smiler bak han.

President Luiz Inácio Lula da Silva i forbindelse med ein kvinnemarsj i Brasília i Brasil i august.

Foto: Gustavo Moreno / AP

«Stolt homofob»

Brasil har sett ei endring i det politiske ordskiftet overfor homofile og transpersonar etter at president Lula tok over etter Jair Bolsonaro.

Den tidlegare presidenten har ifølge The Guardian kalla seg sjølv for ein «stolt homofob», og har ytra seg homofobisk fleire gonger. Han skal mellom anna ha uttrykt uro over at Brasil skal bli «eit paradis for homofile».

Bolsonaro. Har på svart jakke og grønn pique.

Jair Bolsonaro signerte Genève-konsensuserklæringa i 2020.

Foto: UESLEI MARCELINO / Reuters

I 2019 fekk Høgsterett gjennom ei liknande lov, som kriminaliserte hatytringar mot LHBTQ-samfunnet generelt, men ikkje på individnivå, som no.

Då kalla Bolsonaro lova for «fullstendig feil». Han ba om å få ein evangelisk dommar til domstolen, fordi han meinte dei trengde «balanse».

Demokratiske lover

Lova er ei av fleire som det venstreorienterte partiet PT, med Lula i leiing, har ønskt å innføre. Målet er å sikre minoritetar og kvinner sine rettar i landet.

Noko av det første Lula gjorde då han blei president i januar, var å trekke Brasil frå Genève-konsensuserklæringa.

Ei erklæring tidlegare president Jair Bolsonaro signerte. Ho har som formål å sikre kvinner og «familien» sine rettar, men har blitt kalla ei anti-aborterklæring.

I erklæringa står det mellom anna at det «er ingen internasjonal rett til abort» og «ikkje i noko tilfelle bør abort bli fremma som ein måte å planlegge familie på».

Også president Joe Biden trekte USA ut av erklæringa då han blei president i 2021.

Bolsonaro og Mike Pompeo tar kvarandre i hendene. Har på dress og smiler mot kvarandre.

Brasils tidlegare president Jair Bolsonaro og USAs tidlegare utanriksminister Mike Pompeo under eit møte i 2019. Det var Pompeo som sette i gang Genève-konsensuserklæringa.

Foto: Marcos Correa / Reuters

I tillegg til dette, har Lula nyleg signert ei likestillingslov, som skal sikre lik løn til kvinner og menn.

– Eg trur Brasil sakte finn seg sjølv, og at demokratiet litt etter litt, vil sigre, sa den brasilianske presidenten i eit intervju med CNN tidlegare i år.

Framtidshåp

Landet har i lang tid slite med homofobiske haldningar. I 2022 skal 273 LHBTQ-personar ha døydd som følge av valdelege angrep. 228 av angrepa blei karakteriserte som drap.

I LHBTQ-miljøet i Brasil blir difor Lula sett på som ein president som no gir dei framtidshåp, og som dei trur ønsker å sikre rettane deira.

Også førre gong Lula var president, frå 2003 til 2010, arbeidde han for homofile sine rettar.

I 2008 kalla han homofobi for «den mest perverse sjukdommen i mennesket sitt hovud», ifølge Pink News.

Tre personar i ein pride-parade held opp regnboge-effektar og to vifter kor det står "Lula 2022" og Fora Bolsonaro" på. Den eine personen smiler og ein annan rekker ut tunga og ser ned, og har på ein lilla parykk.

«Ut med Bolsonaro» står det på banneret. Biletet er frå ein parade imot homofobi og transfobi i São Paulo i Brasil i 2022.

Foto: Andre Penner / AP

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter gikk natt til onsdag løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.