Området rundt landsbyen Lipkovo skal vere råka av fleire bomber frå makedonske helikopter. Sjølve landsbyen, der det er fleire tusen sivile, vart ikkje råka.
Hæren rykte også inn med ein konvoi av stridsvoger, bussar og pansra køyrety, melder nyheitsbyrået Reuters.
Ein statleg radiokanal i Makedonia melder at Røde Kors meklar mellom styersmaktene og opprørarane om korleis dei sivile kan evakuerast frå Lipkovo.