Hopp til innhold

Bombetrussel mot Norwegian-fly

Passasjerane blei evakuerte utan dramatikk torsdag ettermiddag og vart avhøyrt av politiet. Bombehundar er observert ved flyet.

bombealarm arlanda

Ein bombetrussel blei retta mot DY4321 på veg frå Arlanda til Nice. Passasjerane fekk forlate flyet litt før klokka 13. torsdag.

Foto: Utryckning Uppsala

Eit Norwegian-fly på veg frå Stockholm til Nice måtte snu då det vart ringt inn ein bombetrussel frå Oslo

Flyet var på veg frå Stockholm til Nice i Frankrike då det vart ringt inn ein bombetrussel frå Oslo.

Flyet, som er av typen 737, hadde vore i lufta i 30 minuttar då ein bombe trussel blei mottatt klokka 10.39 i dag.

– Eg så flyet lande, og at det umiddelbart køyrde mange blålysbilar ut mot det, fortel vitnet Pertti Arnbergt til Expressen.

Vitnet fortel om ei stor mengde utrykningskjøretøy som no står rundt flyet.

169 personar om bord

Ifølgje SVT sine kjelder var det ein roleg stemning på flyet.

Passasjerane blei evakuerte litt før klokka 13.

evakuering fly arlanda

Store styrkar frå politi og redningsetat på plass på Arlanda. Alle dei 169 passasjerane blei evakuerte i 13-tida torsdag.

Foto: Utryckning Uppsala

SVT melder også at det svenske landslaget i svømming er blant dei 169 passasjerane om bord.

Bombehundar

Expressen skriv at politiets bombehundar er observerte ved flyet og at dei evakuerte passasjerane vart avhøyrt av politiet.

Norwegian skriv i ei pressemelding at dei kan stadfeste at det er framsett ein bombetrussel mot flyet, og dei understrekar at deira viktigaste prioritet er tryggleiken til passasjerar og tilsette, og at spørsmål om saka må rettast til Politiet.

Flyet er parkert på Arlanda

Ifølge FlightRadar24 har flyet no landa på Arlanda lufthamn etter at det tok ein u-sving over Skåne.

Foto: FlightRadar24

Beskjeden om bombetrusselen kom inn klokka 10.39, og var altså retta mot eit fly som var på veg til Nice. Det blei først meldt frå svenske medium at flyet var på veg til Marseille. Men det er snakk om eit fly som letta frå Arlanda klokka 09.45, i retning Nice i Frankrike.

– Det er ein bombetrussel mot ein Boeing 737 med 169 personar om bord. Flyet snudde då dei fekk informasjon om trusselen og er på veg tilbake til Arlanda, seier Beischer.

Boeing 737-8JP

Eit arkivfoto av eit Norwegian av same flytype, Boeing 737-8JP.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

Trussel ringt inn frå Oslo

Det er førebels ukjent om det er hald i trusselen. Flyet er no parkert på ein rullebane på lufthamna kor det ifølge FlightRadar24 ikkje er anna trafikk.

Ifølge Aftonbladet skal trusselen ha blitt ringt inn frå Oslo. Svensk politi seier at dei jobbar med å samle inn meir informasjon om kva som har skjedd.

Arlanda

FlightRadar24 viser at flyet no er parkert på ein eigen rullebane på Arlanda lufthamn.

Foto: FlightRadar24

SISTE NYTT

Siste nytt