Hopp til innhold

Biden slår tilbake: – Hukommelsen min er god

USAs president Joe Biden går kraftig ut mot påstandane om at hukommelsen hans er svekt.

Joe biden gestikulerer og roper noko frå talerstolen.

SLO TILBAKE: Joe Biden meiner han er den best kvalifiserte i landet til å vera president.

Foto: KEVIN LAMARQUE / Reuters

Den amerikanske presidenten har blitt etterforska for korleis han har handtert hemmelegstempla dokument frå sin periode som visepresident.

Dokumenta skal ha blitt funne både på eit privat kontor og i hans eigen heim.

Også tidlegare president Donald Trump blir etterforska for det same.

Torsdag leverte spesialetterforskar Robert Hur sin rapport.

Han konkluderer med at Joe Biden med overlegg delte fortruleg informasjon som privatperson, men at det ikkje var grunnlag for å reise straffesak.

Det som fekk mest merksemd, var derimot delen av rapporten som skildrar Bidens hukommelse.

I sommar snubla og fall Joe Biden under ein avgangsseremonien ved USAs største krigsskule for flyvåpenet. Han kom seg raskt på beina igjen.

I sommar snubla og fall Joe Biden under ein avgangsseremoni ved krigsskulen «Air Force Academy».

Foto: Andrew Harnik / AP

Amerikanske veljarar er stadig meir uroa for Bidens alder, ifølge valmålingar.

Dersom Biden blir sittande i ein periode nummer to etter presidentvalet i haust, vil han vere 82 år ved starten av den nye perioden – og 86 år når han går av i 2028

Påstandar om dårleg hukommelse

Spesialetterforskar Hur skildrar Biden som ein «sympatisk velmeinande eldre herre med dårleg hukommelse». I rapporten blei det vist til fleire eksempel der presidentens hukommelse skal ha svikta.

Ein av kjeldene som det blir referert til i rapporten, er skyggeskrivar Mark Zwonitzer.

Han arbeidde tett på Biden medan dei skreiv bøkene «Promises to Keep» og «Promise Me, Dad».

Biden skal ifølge Zwonitzer ha slite med å hugse viktige hendingar frå perioden hans som visepresident for Barack Obama.

Robert Hur i dress

Spesialetterforskar Robert Hur.

Foto: Steve Ruark / AP

Det blei også påstått at Biden skal ha gløymd når hans eigen son døydde av hjernesvulst:

– Han hugsa ikkje, sjølv ikkje i nærleiken av når sonen Beau døydde, skriv Hur i rapporten.

Rapporten fekk presidenten til å hasteinnkalle til eit pressemøte natt til fredag. Her konstaterte han at hukommelsen hans faktisk er god, og rasa mot skuldingane mot han, særleg om sonens død:

– Korleis i helvete vågar han å ta opp dette? sa Biden, som la til at han ikkje treng å bli minna om når sonen døydde.

Han sa vidare at han «er ein eldre mann» og at han «veit kva han driv med».

– Eg er den best kvalifiserte i landet til å vera president, sa ein sjølvsikker president frå talarstolen.

USAs president Joe Biden.

Biden vedgår at han «er ein eldre mann», men at han «veit kva han driv med».

Foto: Evan Vucci / AP

Fleire tabbar

Dette er ikkje første gong den amerikanske presidenten blir skulda for å ha eit dårleg minne. På sosiale medium sirkulerer det med videoar der presidenten har ein noko treig mimikk eller rotar med orda.

Det har ikkje hjelpt på ryktet til Biden at han denne veka har forveksla døde statsleiarar med levande to gonger.

Også under dagens pressekonferanse kom Biden med ei forveksling. Han skulle kommentere ein telefonsamtale han hadde hatt med Egypts president Abdel Fattah Al-Sisi, men kalla han i staden presidenten i Mexico.

Det kvite hus har dyssa ned tabbane hans. Pressesekretæren peiker på at Biden har møtt på ei rekke verdsleiarar gjennom ein lang karriere.

– Både folkevalde og mange andre personar kan i blant seie feil, sa pressesekretær Karine Jean-Pierre.

– Det er slikt som skjer. Det skjer med oss alle, sa ho.

Fleire demokratar har gått ut og kritisert rapporten. Richard Sauber, Bidens spesialrådgivar, har fordømt han, ifølge BBC.

President Joe Biden

Presidenten hasteinnkalla til pressemøte etter at rapporten blei publisert fredag.

Foto: Evan Vucci / AP

Inga straffesak mot Biden

Hovudpoenget var likevel at det ikkje blir reist noko straffesak mot Bidens handtering av dokumenta.

Nokon av grunnane er at han skal ha tatt med seg dokumenta som visepresident og ikkje president. Det er også uvanleg å ta ut tiltale mot ein sittande president.

Biden har avvist på det sterkaste at han har brote med lova.

Det var formildande at Biden leverte tilbake dokumenta då han fekk beskjed om det, i motsetning til Donald Trump.

Blant dokumenta var materiale om USAs politikk i Afghanistan og anna klassifisert informasjon. Dokumenta blei funne på eit kontor Biden hadde leigd i Washington, i tillegg til heime hos han i Wilmington i Delaware.

Fleire dokument skal ha blitt funne nær ei hundekasse, ei hundeseng og ei tom bøtte, heiter det.

Les også Donald Trump blir tiltalt i dokumentsaken

Høyr Utanriksredaksjonen sin podkast:

SISTE NYTT

Siste nytt