Hopp til innhold

Biden: – Vaksinemotstand hindrar oss å vinne over covid

100 millionar amerikanarar kan bli omfatta av president Bidens vaksinekrav. Han seier det er einaste vegen ut av krisa. Republikanarar meiner kravet er i strid med grunnlova.

Joe Biden la fram nye koronatiltak i en tale fra Dte hvite huset i natt

VAKSINEKRAV: Joe Biden la fram nye koronatiltak i ein tale frå Det kvite huset i natt

Foto: Kevin Dietsch / AFP / NTB

President Joe Biden varsla dei nye reglane i ein TV-tale i natt. Krava er dei mest omfattande grepa Biden har gjennomført for å få kontroll på pandemien sidan han tok over som president i januar.

Biden sa at vaksinemotstand er den største hindringa for at landet skal komme seg gjennom krisa.

– Vaksinemotstand hindrar oss i å vinne over covid, sa han i den direktesende TV-talen frå Det kvite huset.

Gav uvaksinerte skulda

Biden gav dei 80 millionane som ikkje er vaksinerte skulda for den kraftige smitteauken. som landet no opplever.

– Vi har vore tolmodige, men tolmodet vårt er tynnslite. Å nekte å vaksinere seg kan gjere stor skade, sa Biden.

Han peikte på at dei som ikkje vil la seg vaksine utgjer eit mindretal på 25 prosent.

– Dette mindretalet kan forårsake stor skade, sa han.

Han sa og at det er fullstendig uakseptabelt at offentleg tilsette og folkevalde motarbeider denne vaksinestrategien.

– Vi har reskapa, nå må vi avslutte jobben, sa han, og avslutta innstendig med nesten å kviskre: Ta vaksinen!

Han oppfordra alle foreldre til å sørge for at tenåringar blir vaksinerte. Han kom med sterke oppmodingar om at alle over 12 år må ta vaksinen.

Om vaksinar for de yngste barna sa han at det ennå ikkje er vitskapeleg bevist at det er trygt, men at klarsignal vil bli gitt så snart det er trygt.

Vaksinar er ifølgje presidenten den einaste vegen ut av krisa.

– Dette handlar ikkje om fridom eller personleg val, det handlar om å verne deg sjølv og dei rundt deg, menneske du jobbar med og folk du bryr deg om – menneska du bryr deg om, sa Biden.

Pålegg til alle statstilsette

Dei omfattande vaksinekrava vil mellom anna gjelde for alle føretak med over 100 tilsette. Der må arbeidsgjevar anten sørgje for at alle tilsette blir vaksinerte, eller dei må teste dei tilsette for koronaviruset kvar veke.

I tillegg vil presidenten krevje vaksinasjon av rundt 17 millionar helsearbeidarar i klinikkar og institusjonar som får økonomisk støtte via Medicare- eller Medicaid-programmet. Dette gjeld mellom anna alle sjukeheimar.

Det blir opna for enkelte unntak, for dei som har religiøse pålegg eller for menneske med nedsett funksjonsevne.

Biden vil òg krevje at alle statstilsette blir vaksinerte. Det skal òg gjelde for innleidd arbeidskraft på føderalt nivå. Han oppmoda òg guvernørane i landet til å krevje at tilsette i skuleverket blir vaksinert.

Skulestyret i Los Angeles følgde opp påbodet allereie i går kveld med å vedta at alle skuleelevar over 12 år må vaksinerast. melder New York Times. Det skal auke tryggleiken i klasseromma, men det er venta at pålegget blir utfordra i rettssystemet.

Aukar bøtene

Biden varsla òg at han doblar bota flypassasjerar må betale dersom dei nektar å bruke munnbind på flyreise eller ikkje følgjer pålegget om å bruke munnbind på føderal eigedom. Det kan koste opptil 3000 dollar.

Lokale sjukehus med mange koronapasientar kan få hjelp av forsvaret. Pentagon skal setje opp dobbelt så mange militære medisinske team som skal hjelpe sjukehus som har mange innleggingar.

Ronna McDaniel

Ronna McDaniel i Republikanaranes nasjonale komite RNC meiner at Bidens vaksinekravet er i strid med grunnlova.

Foto: Alex Brandon / AP / ntb

RNC: Vaksinekrav er grunnlovsstridig

Republikanaranes nasjonalkomité i USA, RNC, meiner at president Joe Bidens nye koronatiltak er i strid med grunnlova.

RNC-leiar Ronna McDaniel seier tiltaka er ukonstitusjonelle og varslar søksmål.

Kraftig smitteauke

For berre to månader sidan kunngjorde Biden at USA hadde rista av seg koronaviruset. No opplever landet ein smitteauke på rundt 300 prosent. Talet på sjukehusinnleggingar er meir enn dobla. Talet på koronarelaterte dødsfall er òg nesten dobbelt så høgt no som for eit år sidan.

Det skjer sjølv om meir enn 208 millionar amerikanarar er vaksinerte med minst éin dose.

– Vi er inne i ein tøff periode, og han kan vare ei stund, sa Biden.

Bidens pressesekretær, Jen Psaki, seier at det overordna målet til planen er å angripe koronaviruset frå ulike vinklar, sidan infeksjonar og dødsfall er tilbake til krisenivå. I planen inngår òg tilbod om auka vern i form av ein tredje vaksinedose.

Talet på koronadødsfall har passert 650.000 i USA.

SISTE NYTT

Siste nytt