Hopp til innhold

Biden i Polen: – Vesten plottar ikkje eit angrep mot Russland

I talen til det polske folket tysdag, svarte presidenten i USA på skuldingane til Vladimir Putin om at Vesten er ansvarleg for invasjonen i Ukraina.

U.S. President Biden visits Poland

STORT OPPMØTE:

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

Etter eit overraskingsbesøk til Kyiv i går, er den amerikanske presidenten i Warszawa i Polen.

Han gjekk på scena til ei stor forsamling i Warszawa til Kygo-songen «Freedom» klokka 17.40, etter å ha møtt dei polske styresmaktene tidlegare på dagen.

– For eitt år sidan stålsette heile verda seg for Kyiv sitt fall. Vel, eg har akkurat kome frå eit besøk til Kyiv og eg kan rapportere at Kyiv står stødig, sa han.

– Autokratar sin appetitt kan ikkje bli møtt med blidgjering, dei må bli møtt med motstand. Autokratar forstår berre eitt ord: nei.

Biden US Poland

Biden talte til ei enorm forsamling i Warszawa tysdag.

Foto: Evan Vucci / AP

Han kommenterte også talen til den russiske presidenten, der han hevda at Vesten var ansvarleg for krigen i Ukraina.

– Vesten planla ikkje å angripe Russland, slik som Putin sa i dag, sa president Biden, og viste som Nato-sjefen til at det var russarane som invaderte Ukraina.

– Han kan gjere slutt på krigen med eitt ord. Dersom Russland stoppa å invadere Ukraina, hadde det vore slutten på krigen.

Poland US Biden

Biden talte til ei enorm forsamling i Warszawa tysdag.

Foto: Michal Dyjuk / AP

Også i denne saka:

– Nato sterkare enn nokosinne

USA kjem med nye sanksjonar mot Russland denne veka, ifølge Biden.

I talen skulda han Russland for avskyeleg råskap mot Ukraina, men heldt fast på at president Vladimir Putin forrekna seg då han invaderte landet.

Han sa vidare at samhaldet internt i Nato no er sterkare enn nokosinne.

– Putin står i dag overfor sterkare demokrati enn han forventa for eitt år sidan. Han trudde at han kunne knekke Nato-alliansen, men Nato er meir sameint enn nokosinne, sa han.

U.S. President Biden visits Poland

Talarstolen er tysdag omgitt av polske, amerikanske og ukrainske flagg.

Foto: DAVID W CERNY / Reuters

– Han trudde autokratar som seg sjølv var sterke og demokratiske leiarar var svake, og så møtte han jernviljen til USA og nasjonar over alt som nekta å akseptere ei verd styrt av frykt.

I talen heidra den amerikanske presidenten Polen for støtta dei har gitt til Ukraina under krigen. Samtidig slo han fast at alle land i Nato skulle få vernet dei har krav på.

– La det ikkje vere noko tvil: USA si plikt til Nato-alliansen vår og artikkel 5 er så solid som den kan bli. Kvart einaste medlem av Nato veit det, og Russland veit det også.

– Eit angrep på ein er eit angrep på alle. Det er ei heilag eid om å forsvare kvar tomme av Nato sitt territorium.

U.S. President Biden visits Poland

To medlem av publikum under Biden sin tale.

Foto: EVELYN HOCKSTEIN / Reuters

Biden sa at vala som verdas land tek framover knytte til krigen i Ukraina, kjem til å bestemme kursen for åra og tiåra som kjem.

– Der kjem framleis til å vere harde og bitre dagar. Sigrar og tap. Men Ukraina er stålsett for kampen vidare, sa han, og lova å halde fram med støtta medan landet forsvarar seg sjølv.

Siste atomavtale mellom USA og Russland lagt på is

Vidare i talen sin tysdag føremiddag, sa Putin at det som skjer no er ein trugsel mot heile Russland sin eksistens, altså som sjølvstendig stat.

Han avviste totalt kravet frå Nato om å ta opp att ordninga om inspeksjonar av atominstallasjonar.

– Det er heilt absurd, sa han, og viste til Vesten si militære støtte til Ukraina.

– Vi går ikkje vekk frå tidlegare avtaler, men vi legg dei på is.

Med dette meinte han det som er kjent som Ny Start-avtalen.

FILE PHOTO: U.S. President Barack Obama and Russian President Dmitry Medvedev sign the new START agreement at Prague Castle

New Start-avtalen blei underteikna av dei tidlegare presidentane Barack Obama og Dmitry Medvedev i 2010.

Foto: Jason Reed / Reuters

Denne var den siste avtalen om atomvåpenkontroll som stod att mellom USA og Russland.

Namnet er forkorta og står for avtale om reduksjon av strategiske våpen (Strategic arms reduction treaty).

Den blei underteikna i 2010 som ei forlenging av Start-avtalen frå 1991.

Putin sa at tidlegare avtalar om kontroll av atomvåpen, blant anna i 1991, blei inngått i eit heilt anna politisk klima, der det var tillit mellom partane.

– Denne er vekke no, konstaterte han.

Seier suspendering skal vurderast som lovforslag

Det russiske Duma, som er underhuset i parlamentet, seier no at dei skal vurdere presidenten sitt lovforslag om suspendering av Russland si deltaking i Ny Start-avtalen.

Talsperson Vjatsjeslav Volodin seier dei deretter vil gjere eit umiddelbart vedtak om den, og sende lovforslaget til overhuset.

Tidlegare tysdag hevda det russiske utanriksdepartementet at landet framleis kjem til å følge avgrensingane som står i den.

– Russland har intensjon om å halde ei ansvarleg tilnærming, og vil fortsette å følge strengt dei kvantitative avgrensingane som er sett i avtalen, heiter det i utsegnet.

-

Russland hevdar dei ikkje kjem til å overskride mengda atomvåpen dei hadde lov til å ha under Ny Start-avtalen.

Foto: SERGEI SAVOSTYANOV / AFP

Ei verd utan reglar for atomvåpen er farleg, og alle utvegar burde prøvast for å unngå ein slik realitet, seier ein talsperson i FN til Reuters tysdag kveld.

Førsteamanuensis Petia Mankova ved Universitetet i Tromsø er uroa for kva suspenderinga av Ny Start-avtalen vil ha å seie for henne og andre som bor langt nord.

– Vi bur i eit område som er veldig nært atomubåtane som kan skyte ut atommissil for å teste dei ut, noko som Putin også opna for då han sa at dersom USA testar atomvåpen så skal dei også gjere det, seier Mankova til NRK.

– Russland gjorde det i 2019, dei skaut ut missil frå atomubåtar i Barentshavet mot Kamchatka. Dei to store basane ligg i Arkhangelsk fylke, altså dei er veldig nærme. Så det er jo ein slags personleg bekymring der.

– Kvernar på den same forteljinga

Trass i denne kunngjeringa om atomavtalen som har vekt uro i vestlege land, var ikkje dei sterke orda i Putin sin tale noko stort avvik frå ordbruken hans tidlegare.

Det seier seniorforskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), Julie Wilhelmsen til NRK.

– Han kvernar jo på den same forteljinga om at Russland er eksistensielt truga frå Vesten si side og at ein bruker denne krigen i Ukraina som ei slagmark for å nå inn til og nedkjempe Russland, seier ho.

Trussel fra Russland

Julie Wilhelmsen, seniorforskar ved Nupi.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Hensikta er å behalde det verdsbiletet og å få mobilisert russarane kring kampen for det store sterke Russland. Det lukkast han i nokon grad med, seier ho.

Wilhelmsen seier ho også la merke til Putin sitt argument om at vestlege land ville «gjere ein lokal krig meir global».

– Det er ein referanse til den tyngre væpninga av Kyiv. Vi har sett berre dei siste vekene at ein blant anna sender stridsvogner.

– Han åtvarar på ein måte sine eigne folk og Vesten at dei står ovanfor ei eskalering, og det er Vesten som har skulda.

Les også Nato-sjefen om Putins tale: – Tydelig at han forbereder seg på mer krig

Putin taler 21. februar

SISTE NYTT

Siste nytt