Hopp til innhold

Berlusconi vann fram i Senatet

Statsministeren i Italia, Silvio Berlusconi, vann tysdag tilllitsvotumet i senatet med 162 av 308 stemmer.

Silvio Berlusconi er nøgd med resultatet frå Senatet

Silvio Berlusconia var godt nøgd med resultatet frå tillitsavstemminga i senatet tysdag.

Foto: TONY GENTILE / Reuters

Spenninga er stor rundt dagens tillitsavstemming i den italienske nasjonalforsamlinga. Etter å ha redda seg og regjeringa i september, er den kontroversielle Berlusconi nok ein gong i skotlinja.

Den 74-år gamle regjeringsleiaren har kjempa for å hindra at sentrum-høgre regjeringa skal falle frå kvarandre sidan ei utbrytargruppe trekte seg ut av samarbeidet i sommar.

Tysdag vann Berlusconi avstemminga i senatet med 162 av 308 stemmer, melder Reuters. Resultatet var som venta, ettersom sentrum-høgre regjeringa har fleirtal i senatet.

Underhuset avgjer

No ligg skjebnen til statsministeren i hendene til det italienske underhuset. Her er det ikkje like sikkert at Berlusconi vil få den støtta han treng for å fortsetja. Det endelege resultatet er venta å vera klart tysdag ettermiddag.

Mistillitsforslaget vart fremja av sentrum-venstre opposisjonen med støtte frå utbrytargrupper frå Berlusconi sitt parti, men som no har gått over til rivalen Gianfranco Fini.

Berlusconi har varsla at han vil skriva ut nyval i landet dersom regjeringa hans vert felt.

SISTE NYTT

Siste nytt