NRK Meny
Normal

Gamleheim eller supermarknad neste stoppestad?

Feie gater, måle skular, plukke søppel. Kanskje det er denne type arbeid Silvio Berlusconi ser føre seg når han no ber om å få straffa si i form av samfunnsteneste?

ITALY-BERLUSCONI/ File photo of Italian center-right leader Berlusconi covering his eyes during a confidence vote at the Senate in Rome

Silvio Berlusconi har møtt mykje motgang den siste tida. No må han sone eitt år i fengsel, men han håper på at samfunnsteneste kan vere måten å gjennomføre straffa si på. Men betyr det at italienarane vil få sjå sin tidlegare statsleiar i arbeidsdress?

Foto: TONY GENTILE / Reuters

1. august i år vart den tidlegare italienske statsministeren dømt for økonomisk utruskap etter ei lang rekkje rettssaker. Straffa var opphavleg på fire år, men vart korta ned til eitt år grunna Berlusconis alder.

Mest fridom med samfunnsteneste

No seier Berlusconi, gjennom sin advokat, at han vil be om å få utføre den 12 månader lange straffa i form av samfunnsteneste. Det strider derimot mot det Berlusconi tidlegare har sagt. For han hadde opphavleg ingen planar om å gjennomføre ei samfunnsstraff på same måte som ein vanleg kriminell.

Men ekspertar på italiensk lov seier til nyheitsbyrået AFP at Berlusconi nok har funne ut at samfunnsstraff er det alternativet som vil gi han mest fridom. Alternativet hans er å gjennomføre husarrest, noko som vil føre til at han må be om løyve kvar gong han skal ut si eiga dør.

Graffitifjernar eller gamleheim?

Det er til sjuande og sist ein rett i Roma som skal avgjere kva form samfunnstenesta vil ta, om Berlusconis ønskje vert tatt til følge.

No er italienarane spente på å få høyre korleis den tidlegare statsleiaren skal bli skitten på fingra. Å jobbe på ein gamleheim, sette opp varer på supermarknad og å fjerne graffiti er dømer på vanlege straffer. Men mange meiner dette er uaktuelt for Berlusconi, som til kvar ein tid må ha med seg ein skokk med livvakter.

Berlusconi har rett til å kome med ønskjer om kva organisasjonar han har lyst til å jobbe for. Om han gjer ein god innsats og oppfører seg bra kan straffa hans bli korta ned til ni månader.

Men når det gjeld Berlusconis politiske karriere ser det ut til at det ikkje er noko nåde å finne. Det er venta at han vil miste sin plass i Senatet seinare denne månaden på grunn av fengselsstraffa.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt