Normal

Bergensar drepen i Thailand

Det var 54 år gamle Lars Arne Fjeldsbø, opphavleg frå Bergen, som blei skoten og drepen i Thailand torsdag. Den norske gjerningsmannen ligg på sjukehus.

Strand i Cha Am, Thailand

Drapet skjedde på ein bar i Cha Am i Thailand, ein ynda ferieplass for nordmenn.

Foto: Amy Thibodeau (Flickr, CC)

Thailandsk politi stadfestar at norske Lars Arne Fjeldsbø (54) døydde av skot frå kameraten sin, ein 59 år gammal mann frå Drammen. Fjeldsbø er opphavleg frå Åsane i Bergen.

Dei pårørande er varsla.

– Me kan stadfesta at ein 54 år gamal norsk mann i Thailand døydde skjærtorsdag. Dei pårørande får konsulær hjelp, seier kommunikasjonsrådgjevar i Utanriksdepartementet, Veslemøy Lothe Salvesen, til NRK.

Ifølgje UD er det politiet i Thailand som handterer etterforskinga.

– Ein ufatteleg tragedie

– Det var ein skyteepisode torsdag. Ein nordmann vart drepen og ein vart såra utanfor restauranten Lek Switzerland i Cha Am, opplyser den lokale politietterforskaren Yuttana Rattaphan til NRK fredag.

Den thailandske strandbyen Cha Am ligg om lag tre mil nord for den meir kjende turistbyen Hua Hin. Ein stor del av utlendingane som bur i Cha Am er skandinaviske og tyske.

Ifølgje thailandsk politi var dei to mennene vener og forretningspartnarar. Dei var stamgjester ved restauranten og kom dit for middag og drinkar torsdag kveld. Seinare på kvelden, medan dei stod og spelte dart, oppstod det økonomisk usemje mellom dei to.

Gjerningsmannen skal ha dratt fram ein pistol og skote den andre før han skaut seg sjølv.

Bakgrunnen skal ha vore krangel om pengar. 59-åringen skal ha investert i selskapet til den drepne.

– Overraska

Politiet kom til åstaden klokka 20.20 torsdag kveld og fann begge nordmennene med skotskadar utanfor restauranten.

Den eine døydde på sjukehuset, medan gjerningsmannen er innlagt på eit lokalt sjukehus, skriv Bangkok Post. Han er ikkje livstrugande skadd, men er medvitslaus og under medisinsk behandling og observasjon, fortel politietterforskar Rattaphan til NRK.

– Ein ufatteleg tragedie. Eg kjende han godt, seier musikaren Nissa Nyberget til BA.

Ein nordmann som budde to månader i Cha Am i fjor og kjenner miljøet der godt, seier til NRK at han er sjokkert.

– Eg er svært overraska. Cha Am har eit roleg og tilbaketrekt miljø der snille, norske turistar dreg for å slappa av, spela golf, dart og biljard. Det er det motsette av Pattaya, der sexindustrien og mafiaen rår, fortel nordmannen som ønskjer å vera anonym.

Etterforskar drapet

Begge dei involverte er i 50-åra. Dei var ikkje kjende for det lokale politiet før drapet skjedde. Ifølgje thailandske aviser skal det ha vore norske vitne til stades i restauranten.

– Me har henta inn fingeravtrykk frå den døde og sendt til politiet sitt hovudkvarter i Bangkok. Det vil ta om lag ei veke å få analysert dei. Me må venta med å ta fingeravtrykk av den skadde ettersom han er medvitslaus og me treng hans samtykke, opplyser Rattaphan i det lokale politiet til NRK.

Kva er straffa for drap i Thailand?

– Vestlege som utfører kriminelle handlingar i Thailand får same straff som thailandske borgarar. Den øvre strafferamma for drap er dødsstraff eller livstid. Dersom den tiltalte erkjenner seg skuldig, er det rom får å gje mildare straff, men det kjem også an på kva etterforskinga avdekkjer, seier politimannen.

Laster kart, vennligst vent...

Den thailandske strandbyen Cha Am ligg om lag tre mil nord for Hua Hin.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt