Hopp til innhold

Ben Ali fekk 15 år in absentia

Den tidlegare tunisiske presidenten er i ein tunisisk domstol dømd til 15 års fengsel in absentia for brot på våpen- og narkotikalovene i landet.

TUNISIA-ELECTIONS-BEN ALI-FILES

Ben Ali, no i eksil i Saudi-Arabia, er dømd til 15 års fengsel i heimlandet.

Foto: FETHI BELAID / Afp

Han vart også dømd for ulovleg å ha tileigna seg arkeologiske skattar. I tillegg til fengselsstraffa får han også ei bot på 430.000 kroner.

Ben Ali vart tvungen til å forlate Tunisia etter eit folkeleg opprør i januar i år. Han oppheld seg no i Saudi-Arabia.

- Den dømde er ikkje her, han er på flukt, sa dommaren etter domsavseiinga.

I rettssaka i dag vart Ben Ali dømd for å ha store mengder ulovlege våpen og narkotika i palasset sitt i hovudstaden Tunis. Forsvararen til den avsette presidenten hadde denne kommentaren:

- Rettssaka i dag er ein del av ein politisk svertekampanje mot president Ben Ali. Rettssaka er eit brot på alle reglar for ein rettferdig saksgang.

Dette er den andre dommen Ben Ali får i ein tunisisk domstol etter at han vart tvungen i eksil. Sist månad vart han dømd til 35 års fengsel for fleire andre tiltalepunkt .

LES OGSÅ: Ben Ali: – Jeg er fortsatt Tunisias president

LES OGSÅ: Ben Ali: Anklagene er løgn

LES OGSÅ: Ny regjering utnevnt i Tunisia

LES OGSÅ: Krever gransking av drap i Tunisia

LES OGSÅ: Lover valg i Tunisia i juli

SISTE NYTT

Siste nytt