Sjamil Basajev skal vere ansvarleg for fleire av dei mest blodige terroraksjonane i Russland dei siste åra. Styresmaktene i Moskva meiner han var hovudmannen bak gisselaksjonen ved Skule nummer 1 i Beslan i Nord-Ossetia for litt i underkant av eit år sidan.
Sjamil Basajev, den mest ettersøkte mannen i Russland, har blitt nestleiar for opprørarane i Tsjetsjenia. (Scanpix-foto)
Her vart 330 menneske drepne, halvparten av dei born. Basajev skal også ha stått bak fleire andre blodige gisselaksjonar.
Basajev vart pressa ut av den tsjetsjenske opprørsleiinga av Aslan Masjkhadov i 2002, fordi metodane hans var for brutale.
I mars i år vart Masjkhadov drepen av russiske soldatar, og han vart erstatta som tsjetsjensk opprørsleiar av Abdul-Khalim Sadulajev. Han tok Basajev inn i varmen igjen, og Tsjetsjenia-kjennarar meiner at leiinga for dei tsjetsjenske opprørarar har vorte meir ekstrem sidan Masjkhadov vart drepen.
Dei nye leiarane meiner blant anna at russiske sivile er legitime mål, og dei har inngått alliansar med radikale islamistar over heile verda.
I eit intervju med den amerikanske fjernsynsstasjonen ABC News for ikkje lenge sidan sa Basajev blant anna at han var ein terrorist og ein banditt. Men han gjorde det klart at russarane på alle måtar også var det, og atskilleg verre enn han.