Hopp til innhold

Balansekunst ved avgrunnen

- Vi er ikkje oppdratte til å stille oss opne for pasjonen, lidenskapen, den ville, styrlause kjærleiken. Eller er vi det?

 

NRK P2

Det er mykje fint med å sykle. Som at tankane får lov til å sveve fritt.

Etter å ha møtt eit uvanleg menneske nyleg tenkjer eg på pasjonen, lidenskapen. Fint er det også nå når gyllent haustlauv raslar under sykkelhjula.

Den rosa ettermiddagshimmelen er vid open. Og på sykkel har eg sjansen til å lukte kva heimane langs ruta skal ha til middag. Som karbonader og steikt lauk - herleg, kvifor lagar eg aldri det?

Eg ser dei for meg ved middagsbordet. Kva snakkar dei om? Kor høgt elskar dei kvarandre? Kjennest samlivet som eit fengsel, familien som ei tvangstrøye – eller er dei lykkelege, lykkelege, med stor takhøgde og munter sang gjennom stuene?

Snakkar dei om noko hjarta er fylt av, eller om nødvendige ting som å skifte til vinterdekk, henge sommartøyet på loftet og at bikkja ikkje får lov til å vera i sofaen?

Kjærlighetens galskap

Inn i dette rommet kan pasjonen koma som ei eldkule, splintre spisebordet og setja lysekrona i spinn. Ein ubeden gjest som skiplar alt, og som konvensjonar og ynsket om pene fasader i all tid har gjort alt for å unngå. Vi er ikkje oppdratte til å stille oss opne for pasjonen, lidenskapen, den ville, styrlause kjærleiken.

Eller er vi det?

Vi dyrkar sex.

Men sex treng ikkje ha det spor med pasjon å gjera, sjølv om dei to kan få plass i same seng.

Vi dyrkar romantikken.

Men romantikk er søt sentimentalitet, og sprengjer ingen grenser.

Vi dyrkar samlivet, og talar vakkert om livslang kjærleik.

Men det treng ikkje vera eit fnugg av pasjon – av lidenskap - i denne kjærleiken.

For i pasjonen ligg eit element av å balansere på kanten til avgrunnen.

Ein pasjon ser vi utspela seg inntil vanvet i filmen Breaking the Waves, nå som teater på Oslo Nye – ”besettende vakkert, men samtidig grusomt”, som ei avis skriv.

Ein pasjon såg eg hos ein mann som gjekk inn i eit stille klosterliv. Han var overlege i psykiatri – han sa han gjekk frå ”smertens galskap til kjærlighetens galskap”.

Hans store angst var at kjærlighetens galskap – pasjonen for Gud – ein dag skulle visne og døy.

Pasjonen rammar deg

Pasjonen kan gje kraft til å gå gjennom eld og vatn.

Samstundes er faren der for at vi ikkje overlever den feberen pasjonen påfører oss. Vi kan gå inn i ein sjukeleg fantasi, inn i eit rom der alt anna blir irrelevant.

Redsla for ikkje å meistre pasjonen gjer at vi ryggar når han ein dag kanskje bankar på vår dør. Å gje slepp på kontrollen blir for dryg ein pris å betale for mange av oss.

For om vi blir løfta til vedunderlege høgder, blir vi også uendeleg sårbare. I pasjonen ligg både lidenskap og liding.

Alt liv koster deg kjærlighet

All kjærlighet koster deg livet

skriv Stein Mehren.

Det uvanlege mennesket eg møtte var presten og forfattaren Stoika Hristova. Ho veit kva pasjonen krev og gjev. Først erfarte ho det med ein kjær ektemann som døydde frå henne. Og som enkje da ho møtte ein gift mann. Ho seier:

”Pasjonen spør ikkje, den bryr seg ikkje om konvensjonelle forhold her på jorda. Den rammar ein. Så eg ser det ikkje som synd. Synd er når du svik deg sjølv, når du avstår frå det du helst av alt vil, fordi du tek omsyn til konvensjonane.”

Til siste sukk

To bøker om kjærleik ligg på skrivebordet, båe er franske. Den eine heiter ”Valmuekvinnen”, og er skrive av Noëlle Châtelet. Sytti år gamal får Marthe, med barn og barnebarn og vond venstrehofte, sitt første kjærleiksbrev. Eit brev ho burde fått som syttenåring – før faren forlova henne med Edmond, mannen som nå er død og som ho ikkje ville ha.

Det er ei enkel historie, godt fortalt, som er blitt TV-film, og dramatisert for teater. Og Marthe, Valmuekvinnen, får for første gong i livet kjenne at ”kjærligheten verken kan bestemmes eller forhindres”.  Sytti år gamal tar Marthe ordet lidenskap i sin munn.

Så når Wenche Foss, straks nitti, nå igjen får oppslag i avisene fordi ho var forelska som åttiåring, får vi stadfesta det vi vil høyre – at forelsking kan ramme oss til siste sukk.

Spør ikkje om kjærleik varer

For oss på 2000-talet er kjærleiken blodig alvor og totalt tabloid. Forelsking – og særleg forelsking i andre enn ektefellar - er det som får store overskrifter når biografiar kjem ut – som vi også har sett når det gjeld Einar Førde og Haldis Moren Vesaas.

Stoika Hristova blandar sjølv det glorete og det heilage: når ho skriv om presten Klara Hall som blir lidenskapeleg glad i ein gift mann, kallar ho romanen ”One night stand”. Men alt på tittelbladet sender ho andre signal, der står eit Søren Kierkegaard-sitat:

Leve stormvågen som störtar mig i avgrunden

Leve stormvågen som kastar mig høgre än stjärnorna

Som kald klut på varm panne virkar da den andre franske boka - ”Kjærligheten er veldig overvurdert” av Brigitte Giraud. Vi er tilbake hos bildekk og vinterklær på loftet:

”Det er slik det begynner. Han er her, og bare det at han er til stede, irriterer deg. Du venter ikke lenger på ham. Når du kommer hjem om kvelden, slår du på radioen, sparker av deg skoene, og gir ham bare et distré kyss på kinnet. Du vet ikke hvorfor det er blitt slik. Hvor lenge har det vart? Du hadde ikke trodd det var mulig. Ikke mellom ham og deg.”

Spør ikke om kjærlighet varer

det vet du den ikke gjør

hvem du enn er som spør

og hva du enn svarer.

Spør heller om kjærlighet kommer

med vårens svale

som dømmer sin egen sommer

til høstens dvale.

Spør ikke, forelskede sjele,

etter en vår og sommer

skal høsten stryke det hele

tung og hård og kald.

Stor kjærleik døyr aldri

Skal Herman Wildenvey få konkludere på denne måten? Nei. Om vi ikkje er blant dei utvalde som blir ramma av pasjonen – eller ikkje tør la oss ramme – så skal vi i alle fall vite at kjærleik brer seg som ringar i vatnet, vi blir alle del av ei bølge gjennom dei vi møter, det vi les, høyrer og ser.

Stein Mehren får siste ord:

En stor kjærlighet dør aldri

selv om de elskende skilles.

Kjærtegn som ble mottatt

springer ut selv etter at de er glemt

og deres frø er talløse.

Det er frukt og løv og korn i dine kjærtegns spor

som i et landskap om høsten. 

SISTE NYTT

Siste nytt