Hopp til innhold

Brød på tanken

Når du set deg ved rattet med biodrivstoff i tanken, tenkjer du da på mat? Det er det grunn til, for det kan gå med fem brød på mila.

Mais

Mais som skal bli bioetanol vises fram på et produksjonsanlegg for biobrensel i den amerikanske delstaten Iowa.

Foto: CHARLIE NEIBERGALL / AP

Kommentar: Astrid Brekken
Foto: Anne Liv Ekroll / Scanpix

 

Løft blikket – sjå det i det store perspektivet, sa operasjef Bjørn Simensen da han denne veka måtte fortelja at ”Jorden rundt på 80 dager” likevel ikkje blir opningsforestilling ved den nye operaen.

Det er eit glimrande grep, også når vi vil vera føre var. Det er der vi så ofte kjem til kort, og eg skal ikkje gå inn på alt som har gått gale, men på noko som er i ferd med å gjera det – det dreier seg om biodrivstoff.

Å gje bilen mat

Bruk av biodrivstoff er meint å minske utslepp av klimagassar og å gjera oss mindre avhengig av fossilt drivstoff.

Frå 2009 skal vi blande minst fem prosent biodrivstoff i bensin og diesel. EU har som mål at innan 2020 skal minst ti prosent av drivstoff til transport koma frå fornybare kjelder. Opp til dette nivået trengs ikkje endring av motoren. Og kvar kjem så dette biodrivstoffet frå? Bioetanol kan lagast av sukkerrøyr , sukkerroer, korn, mais, poteter eller cellulose frå trevirke, og biodiesel blant anna av planteolje – som frå soya og raps.

Bortsett kanskje frå trevirke heftar spørsmål ved alle desse råmateriala. Dei veks i matjord. Og det er diskusjon om kor godt dei står seg når det gjeld CO2-utslepp .

Korn, mais, soya og raps er føde for menneske og husdyr. Desse plantene blir dyrka fram på matjord. Her puttar vi på tanken det som kunne stått på bordet og metta mange. Vi veit at matjord er ein stadig knappare ressurs, både på grunn av aukande folketal og fordi tidlegare dyrkbar jord blir ufruktbar grunna mellom anna forørkning i delar av verda.

Rovdrift på natur og menneske

La oss ta sukkerrøyr – skal vi tru på rapportane om kva som skjer i Brasil, som står for langt den største produksjonen av biodrivstoff frå sukkerrøyr, er denne produksjonen eit trugsmål mot regnskogen, og dessutan mot jord som kunne vore brukt til mat - sukkerbaronane fordriv småbønder for å få tak i jordlappane deira, og mange av dei som arbeider på sukkerplantasjane lever som slavar.

Den dagen du fyller femti liter bioetanol på tanken, kan du tenkje over at dette betyr det same som to sekstikilos sekker med kveite – eller mjøl nok til 240 brød. Er det bioetanol frå sukkerrøyr, har det gått med 500 kilo til dine femti liter.

Er skogen plettfri?

Biodrivstoff basert på cellulose frå trevirke, som kjem best ut både med tanke på CO2-regnskapet og fordi skogen ikkje krev dyrka mark, er fem gonger så dyrt som etanol basert på sukker.

Til nå har ein berre kunna nytte cellulosen i trevirke – i cellulose er det sukker, dermed kan ein lage etanol. Men lignin, som også er ein viktig del av treet, har ein til nå ikkje greidd lage biodrivstoff av, fordi ein ikkje har greidd reinske ut all cellulosen, det er blitt kokspartiklar i biodieselen.

Hans Martin Storø ved Trøndelag forsking og utvikling AS i Steinkjer seier at her har det nå skjedd eit gjennombrot. I samarbeid med blant andre forskarar ved Universitetet i Bergen har det lykkast å skilje ut all cellulosen. Til NRK seier han at prosessen førebels krev store kjemikaliemengder, og at det er eit stykke igjen til vi kan tanke biodiesel basert på lignin frå norsk skog. Men han er optimist, og meiner dette er problem som kan løysast, og at utnyttinga av trevirke dermed vil bli høgare og drivstoffet i neste omgang rimelegare.

La oss ikkje snakke om sjokk

Forvaltinga av jordas ressursar er stort sett styrd ut frå ynske om å tene pengar. Når prisen på mat ikkje kan konkurrere med prisen på drivstoff for bilar, sel produsenten til høgstbydande. Prisen på mais i Mexico er meir enn fordobla. Matprisane går også opp her i landet, og enkelte ropar om prissjokk. Det skal dreie seg om eit par-tre kroner ekstra for dagen. For å bøte på sjokket foreslår eg at den sjokkerte fører liste over kva pengane går til. Under hundre kroner ekstra til mat i løpet av ein månad – er det virkeleg eit sjokk ? Det er ein sum vi fort brenner av i kiosken, parfymeriet eller i taxfree-butikken.

Beste jorda får bilen

Ved sida av Brasil er det USA som lagar mest etanol i verda, og nesten berre basert på mais. Eg reiste i haust gjennom Iowa, ein avskoga stat i Midt-Vesten med flate åkrar så langt auga rekk, der jorda er av dei mest fruktbare som finst. I denne staten spela produksjon av etanol og slagord om energy independence - å bli uavhengi g av importert olje - ei stor rolle i presidentvalkampen. For maisåkrane går nå til drivstoff – fordi bøndene får betre prisar, og dei har fått ekstra vind i segla fordi det er ein gryande skepsis til bruk av mais til menneskeføde, ettersom høgt konsum av mais både av menneske og dyr nå blir knytta til auken i diabetes to. Bioetanol skal berge staten. Samtidig kjem meldingar om at det er fare for kornmangel i verda. I marknadens globale rike er dette kun eit spørsmål om pris, og den dagen matkornprisen blir høg nok, salar produsentane om. Men i konkurranse med kva vi er villige til å punge ut med for å putte i våre velfødde bilar – har dei fattige råd til å kjøpe dette kornet?

27 prosent av maisen dyrka i USA er øyremerka for biodrivstoff, og sterkt subsidiert. Kritikarar hevdar at mais-etanol ikkje betrar CO2-utslepp i høve til bensin, når heile prosessen blir vurdert. Råstoff basert på skog gir eit langt betre CO2-rekneskap.

Beisk bismak

Nå seier enkelte at einaste forsvarlege produksjon av biodrivstoff er basert på avfall – frå skogsdrift, frå landbruk, frå fiskeriverksemder og slakteri.

Men dersom vi får sjå eit reknestykke som viser at hausting av skog til denne produksjonen – i Norge og andre land – ikkje skader verken miljø eller menneske, bør vi vera villige til å betale langt meir for det drivstoffet enn for drivstoff som okkuperer dyrka mark og tar maten ut av munnen på dei som har minst.

I Miljødepartementet seier dei at det skal stillast krav til kva vi importerer av biodrivstoff. Vi får tru at dei har overblikket og ser samanhengane.

Men lenge framover vil det vi skal fylle i tanken ha ein beisk bismak.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger