NRK Meny
Normal

Ord kan kneble

Vi ser ulikt på verda. Vi har ulike erfaringar i livet. Det skaper debatt. Men flittig bruk av enkelte ord risikerer å tåkelegge debatten. Eit slikt ord er islamofobi.

Integrering på Galdhøpiggen

Integrering på Galdhøpiggen.

Foto: Astrid Engen

Kommentar: Astrid Brekken
Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Islamofobi betyr nevrotisk frykt eller avsky for islam. Inntil for nokre få år sidan var ordet nærast ukjend. Det etablerte seg etter øydelegginga av tvillingtårna i New York i september 2001.

Diskriminering er utåleleg

Islamofobi er blitt forsøkt definert av solide instansar – og omfattar blant anna at islam blir sett som statisk og utan evne til endring, utan felles verdiar med andre kulturar, som mindreverdig i høve til Vesten, som irrasjonell og primitiv. Dessutan at islam støttar terrorisme, og er ein valdeleg politisk ideologi snarare enn ein religion.

Rasisme, islamofobi, jødehat er haldningar eit kvart samfunn og enkeltindivid må ta avstand frå. Å medvirke til å minske hat og diskriminering er eit ufråvikeleg krav som skal stillast til alle i samfunn som ynskjer kalle seg siviliserte.

Enkelte ord blir opplevde som uforpliktande sjølv om dei er sterkt karakteriserande. Vi brukar dei, kanskje fordi vi ikkje heilt veit kva vi ynskjer uttrykkje, bortsett frå irritasjon, forakt og sinne. Når vi deler inn folk i kategoriar som rasist, islamofob, jødehatar, bør vi klargjera kva vi meiner. Dersom ein nøyer seg med å klistre merkelappar på motparten, oppnår ein berre å sende folk i skyttargravene.

Vi skal ikkje tåle at grupper – eller enkeltindivid – blir utsatte for urett og overgrep. Men vi skal også vera varsame med å gjera grupper og enkeltmenneske til offer.

Mannshat

Derfor er det viktig at det i debatten om islamofobi blir stilt spørsmål som: Kor utbreidd er islamofobi? Står det muslimar faktisk opplever som immigrantar i Vesten i forhold til påstandene om islamofobi? Tener det muslimar å overdrive islamofobe haldningar? Tener det vår fleirkulturelle sameksistens at dette ordet blir brukt ukritisk? Blandar uttrykket islamofobi diskriminering av muslimar med kritikk av islam? Blir skuldingar om islamofobi brukt for å kvele kritikken av islam?

At kritikk blir stempla og avvist utan vilje til diskusjon finn vi mange døme på - under 1970-talets feministkamp var påstanden at feministar var mannshatarar. Når feministar kritiserte og tok avstand frå patriarkatets kvinneundertrykkande praksis og tradisjonar, vart det utlagt som mannshat. Dei fleste feministar da som nå hadde fedre, brør, ektemenn, søner. Dei kjende stort sett ikkje hat mot den enkelte mann. Men for å ramme frigjeringskampen og den enkelte feminist vart dette ordet klistra på dei – mannehatarar. Eit kjekt ord å slå om seg med for dei som ynskte knelande kvinner.

Og ordet virka. Mange starta etter kvart kritikken av mannssamfunnet med: ”Ja, jeg elsker menn altså, men…..”

Høyrer vi eit ekko i dag: ”Ja, altså, en av mine beste venner er muslim, men….”

Og joda, takk som spør, eg elskar menn og har ei kjær venninne som er muslim. Men det kjem ikkje debatten ved.

Å gjera seg ynkeleg

Simone de Beauvoir

Simone de Beauvoir.

Foto: - / AFP

Kvinner ”ønsker glødende å tekkes menn”, skriv Simone de Beauvoir i ”Det annet kjønn”, utgitt i 1949. Beauvoir skildrar kva univers kvinner er stengde inne i, på sitt finslipte og danna språk. Eg siterer: ”Kvinnen er vant til å leve knelende, for vanligvis venter hun at hennes frelse skal komme ned fra himmelen der mennene troner;…” – Og vidare: ”… det er helt sikkert mer bekvemt å tåle et blindt slaveri enn å arbeide for å frigjøre seg… ”

Den polske ambassadøren sa denne veka at polske arbeidarar i Norge bør behandlast som om dei er vaksne menneske som kan ta vare på seg sjølve. Han vil ikkje at dei skal ynkeleggjerast.

Det er ei haldning alle har krav på å bli møtt med. Føresetnaden er at vi ikkje sjølve plasserer oss i offerrolla.

Simone de Beauvoir skriv at eit vilkår for kvinneundertrykking og kvinna som den andre er at kvinna godtek undertrykkingsforholdet og dermed medvirkar til det.

Runder med gudane

Dette gjeld alle grupper som kjempar for likeverd. Og i den kampen har det vore og er det naudsynt å gå runder med gudane.

Av bisarre, men nå kartlagte grunnar er dei aller fleste gudar som har overlevd hankjønn, og av like bisarre, men også kartlagte årsaker synest ikkje desse gudane at kvinner skal ha same rettar og makt som menn. Ikkje minst har jødedomen, kristendomen og islam mykje å svare for. Men vi skrider framover – nå blir det tilmed drøfta om ordet jomfru skal erstattast med ung kvinne i Jesaia 7, 14, og om helvete skal ta pause, i ein ny bibelomsetnad som skal koma i 2010. Ein professor i teologi er vennleg innstilt til - men usikker på - om namneendring løyser noko problem – han skriv i avisa Fædrelandsvennen at teiknaren i same avis ”….treffer spikeren på hodet når han i en karikatur lar djelvelen spørre: - Hva i Helvete er Gehenna?”

Heilage kyr

Eg har ingen sterke kjensler verken for Gehenna eller helvete. Derimot har eg det for noko generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvoll, ein av våre lokale heltar, sa her i NRK i samband med påståtte drapsplaner mot teiknaren av Muhammed-karikaturane tidlegare i år: ”Vi må passe oss for å få en diger flokk med hellige kuer i det flerkulturelle samfunnet.”

Vi kan i denne samanhengen ta med oss erfaringa frå bruk av ord som jødehat. Det har ikkje vore – og er ikkje - like lett å diskutere israelsk politikk utan å få ein slik merkelapp. Dersom karakteriserande ord som islamofobi medvirkar til å kneble sakleg kritikk og diskusjon, veks bølingen av heilage kyr. Og det ynskjer da ingen?