Hopp til innhold

Åtte personar skotne i Baltimore – gjerningsmann på frifot

Sju personar er skadde og ein er drepen etter at ein mann skaut mot ei gruppe menneske på gata i Baltimore i USA. Politiet seier gjerningsmannen er på frifot.

Ein er drepen etter skyting i Baltimore.

Politiet jobbar på staden der ein person vart drepen og sju skadde søndag kveld.

Foto: Steve Ruark / AP

Skytinga skjedde då ei gruppe menneske var samla til utandørs grilling, også kalla sunday cookout, vest i Baltimore i delstaten Maryland søndag kveld. Plutseleg byrja ein mann å skyte vilt mot dei, skriv nyheitsbyrået AFP.

Politisjef Michael Harrison seier at dei ikkje har klart å finne noko motiv for gjerninga enno, men at det verka som ei svært målretta skyting.

Ein sparkesykkel ligg ved markørar på åstaden.

Åtte personar vart trefte av kulene, ein av dei vart drepen.

Foto: Steve Ruark / AP

Gjerningspersonen er på frifot

Åtte personar vart trefte av skota. Den drepne vart funnen eit lite stykke frå der skytinga skjedde, politiet trur at vedkomande skal ha forsøkt å rømme etter at han vart treft av kulene.

Dei skadde er i alderen 27 til 58, ifølgje Fox 45 Baltimore. Men ingen av dei skadde skal ha livstrugande skader.

Politiet jobbar på åstaden.

Politiet seier dei ikkje har funne noko klart motiv for skytinga.

Foto: Steve Ruark / AP

SISTE NYTT

Siste nytt