Hopp til innhold

Assads mor er død

Mor til Syrias president Bashar Assad døydde laurdag. Ho var gift med den tidlegare presidenten Hafez al- Assad.

Assad-familien

DØD: Mor til president Bashar Assad døydde laurdag. Her er familien frå den tida då president Hafez el Assad levde. AnisehMakhlouf sit ved sidan av han. Frå venstre bak står: Maher, Bashar, Bassel, Majid og Bushra Assad

Foto: © Sygma/Corbis

Aniseh Makhlouf døydde 86-år gammal laurdag i Damaskus, melder presidentens kontor laurdag kveld.

Ho var gift med den tidlegare presidenten Hafez al-Assad, som gjekk bort i 2000.

Dei gifta seg i 1957, då var han løytnant i forsvaret. Etter han vart president i 1971 var ho sjeldan å sjå, men var vel respektert blant folket.

Lenge etter mannen døydde, vart ho sett på som Syrias førstedame. Ifølgje lokale media skal ho ha hatt stor påverknad på sonen sin, Bashar Assad.

Hafez al- Assad vart sett på som ein president som skapte stabilitet i regionen, og moderniserte Syria.

Makhlouf kom frå ein velståande familie frå provinsen Latakia, og nevøen hennar, Rami Makhlouf, er ein av landet mest velståande forretningsmenn.

Protestane har vore sterke mot han, og fleire ser på han som symbolet på korrupsjon i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt