Hopp til innhold

Toppmøte om Gaza: – Vi har høyrt fleire gode idear

Utforming av ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina stod høgst på agendaen på utanriksminister­møtet fredag.

fellesbilde med alle deltakarane. jonas gahr støre i front.

TOPPMØTE: «Kontaktgruppa for Gaza» har vore i Oslo for å samtale med utanriksministrane frå dei nordiske landa og benelux-landa.

Foto: Kilian Munch / UD

– Vi har høyrt fleire gode idear om vegen framover.

Det sa utanriksminister Espen Barth Eide på ein pressekonferanse i etterkant av utanriksministermøtet fredag.

Ideane dei har diskutert, handlar om korleis ei tostatsløysing mellom Israel og Palestina kan sjå ut.

Saudi-Arabias utenriksminister Faisal bin Farhan Al-Saud i Oslo.

Saudi-Arabias utanriksminister Faisal bin Farhan Al-Saud var klar i sin tale om at ein palestinsk stat må opprettast så fort som mogleg.

Foto: Lars Os / NRK

Saudi-Arabias utanriksminister sa i sitt innlegg at ein palestinsk stat må til for å unngå at fleire uskuldige døyr.

Men Riyad al-Maliki, utanriksministeren til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA), åtvara mot å bruke for lang tid på å handle:

– Dess lenger tid vi brukar på å handle, dess fleire uskuldige sivile blir drepne.

– Vi må unngå fordrivinga av palestinarar frå aust til sør, og frå sør til Sinai. Vi må også beskytte dei uskuldige sivile i Gaza. Eg trur det er konsensus rundt dette, sa al-Maliki.

Riyad al-Maliki, utanriksministeren til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA), sammen med utenriksminister Espen Barth Eide.

Den palestinske presidenten gjentok fredag bodskapen om at den kollektive avstraffinga i Gaza blir stansa umiddelbart. Her saman med utenriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Lars Os / NRK

Aktørane som var til stades i Oslo fredag, var einstemmige i at ei tostatsløysing må på plass. Men det er uansett umogleg utan Israels godkjenning.

Den jordanske utanriksministeren Ayman Safadi bad verda om å stille seg sjølv dette spørsmålet: «Kva skal verda gjere viss Israel held fram med å seie nei til tostatsløysing og forhandlingar?»

– Vil vi tillate det? Å nekte regionen fred for dei neste 30 åra, eller vil verdssamfunnet seie at folkeretten gjeld alle?, spurde Safadi frå talarstolen.

Jordans utanriksministeren Ayman Safadi i Oslo.

Den jordanske utanriksministeren Ayman Safadi.

Foto: Lars Os / NRK

Kontaktgruppa på reise

«Kontaktgruppa for Gaza» har vore i Oslo for å samtale med dei nordiske landa, i tillegg til Belgia, Nederland og Luxemburg i dag.

Den arabisk-tyrkiske gruppa har som formål å arbeide for ei våpenkvile mellom Israel og Hamas, og å få i gang ein diskusjon om korleis ei varig tostatsløysing kan sjå ut.

Medlemmene som er til stades, er utanriksministrane frå Qatar, Jordan, Saudi-Arabia, Tyrkia og dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA).

Det var dei som tok initiativ til å møtest i Oslo. Tidlegare har dei halde samtalar i mellom anna USA, Kina og Russland.

Qatar utanriksminister al-Thani tar Espen Barth eide i handa. Dei smiler og ser i kamera. Al-Thani har på blå dress og solbriller.

Mohammed bin Abdulrahman al-Thani er statsminister og utanriksminister i Qatar.

Foto: Killian Munch / UD

«Kontaktgruppa for Gaza» blei først oppretta av Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) og Den arabiske liga i november.

– Må vere nokon vaksne heime

Våpenkvile og kva som kjem etter ho, stod høgst på agendaen under møtet, men verken Hamas eller Israel sat rundt bordet i Oslo i dag.

Israel har uttalt at dei har fullt fokus på å «knuse Hamas», og ønsker ikkje å ta del i slike samtalar. Palestinarane er derimot representerte gjennom dei palestinske sjølvstyremyndigheitene (PA), som styrer på den okkuperte Vestbreidda.

På spørsmål om kvifor ingen av dei krigande partane er med, svarer Eide:

– Det er ingen interesse for den type dialog no, men då må nokon andre snakke om dette. For det må vere nokon vaksne heime i denne heilt forferdelege situasjonen, før det raknar fullstendig.

Fleire menn sit rundt eit bord med grøn duk.

Utanriksministrane sat i møte i fleire timar i statsministerbustaden fredag.

Foto: Killian Munch / UD

Noreg som fasilitator

Jørgen Jensehaugen, seniorforskar ved Prio, meiner at dersom møtet skal kunne ha direkte innflytelse på situasjonen, er det to aktørar som manglar:

Egypt, fordi dei er med på Israels blokade av Gaza, og USA, fordi dei er blant dei få som kan legge press på Israel.

– Kva rolle kan Noreg spele?

– Det blir først og fremst å fasilitere. Noreg speler også ei stor rolle gjennom å leie bistandsstrukturen i Den internasjonale givargruppa for Palestina (AHLC). I ein prosess med oppbygginga av Gaza, vil Noreg vere viktig.

Are Hovdenak, seniorrådgivar ved Senter for internasjonal konfliktløysing (Noref), trur ikkje det er tilfeldig at delegasjonen har reist til Noreg:

– Både palestinarane og dei regionale maktene har merkt seg at Noreg konsekvent har stemt for våpenkvile.

Ifølge Hovdenak har ikkje europeiske land noko særleg gjennomslagskraft akkurat no:

– USA er den aktøren som har reell innflytelse på israelsk politikk.

Les også Slik jobber Qatar i kulissene for ny våpenhvile

– Tostatsløysing nærare enn nokosinne

Den palestinske ambassadøren til Noreg, Marie Antoinette Sedin, såg på deltakarlista med optimisme:

– Det er representasjon på eit svært høgt nivå. Dette er avgjerdstakarar, seier ho til NRK.

Sedin seier at førsteprioritet under møtet bør vere å få til ei humanitær våpenkvile. Det andre er å stanse krigen.

Ho meiner at ei tostatsløysing er nærare enn nokosinne, og at dette er heilt nødvendig for palestinarar.

– Det som bør kome ut av dette møtet, er nye krav. Eit krav til Israel om å akseptere ei tostatsløysing.

– Kva ansvar har det internasjonale samfunnet?

– Å følge opp folkeretten. Og vi må presse på for ei tostatsløysing, seier Desin.

Palestinas ambassadør i Norge, Marie Antoinette Sedin

Den palestinske ambassadøren har store håp for møtet i Oslo fredag.

Foto: Benjamin Danielsen / NRK

Men Benjamin Netanyahu sa i ein TV-sendt tale tidlegare denne veka at det ikkje blir aktuelt for Israel med noko ny tostatsløysing.

Spennet i Israel går frå totalt planlausheit, til storstilt etnisk reinsing. Begge posisjonane finst i regjeringa. Det er vanskeleg å sjå kva som er eit akseptabelt sluttmål for Israel, seier Jensehaugen i Prio.

Israel Politics

Israel er ueinig med USA, sin viktigaste alliert, som vil at samtalane om å etablere ein uavhengig palestinsk stat skal starte opp att.

Foto: Ronen Zvulun / AP

Hamas uklare om tostatsløysing

I november møtte NRK Hamas sin internasjonale talsperson, Osama Hamdan. Han fekk spørsmål om kva Hamas kan strekke seg til for å finne ei løysing på konflikten.

Hamdan svarte då at «det var aldri noko Israel, og det vil aldri vere det», og impliserte med det at Hamas ikkje anerkjenner Israel som stat.

Men i desember uttalte ein annan høgtståande tenestemann i Hamas, Mousa Abu Marzouk, det motsette.

Marzouk opna i eit intervju med Al Monitor opp for ei tostatsløysing, og for å anerkjenne Israel. Han trekte seinare tilbake dette utspelet.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.