Hopp til innhold

Amerikansk student kidnappa

Ei hittil ukjend palestinsk gruppe seier dei har kidnappa ein amerikansk student i Nablus på Vestbreidda.

Gruppa som seier dei har kidnappa studenten, kallar seg Ansar Assuna, og dei har sendt ein kopi av studenten sitt pass til nyheitsbyrået Reuters på telefaks.

Det palestinske politiet og det amerikanske konsulatet i Jerusalem kan ikkje stadfeste kidnappinga, men seier dei sjekkar opplysningane.

 

I august vart to journalistar frå den amerikanske fjernsynsstasjonen Fox News kidnappa på Gazastripa. Dei vart haldne fanga av militante palestinarar i to veker før dei vart sette fri.

Gruppa som seier dei har kidnappa den amerikanske studenten har ikkje sett fram krav for å setje han fri.

SISTE NYTT

Siste nytt