Hopp til innhold

Minst tre omkomne og 150 skadde i togulukke i Buenos Aires

Minst tre menneske omkom og over 150 er skadde etter at eit passasjertog krasja inn i eit stilleståande tog i ein forstad til Buenos Aires i Argentina.

Togulukke i Buenos Aires.

Redningsarbeidarar hentar skadde og omkomne ut av togvraket.

Foto: Ap

Ein skadd mann blir hjelpt ut av toget.

Ein skadd mann blir hjelpt ut av toget av redningsmannskapa.

Foto: DANIEL DABOVE / Afp

Dei siste tala frå sjukehusa i området fortel om over 150 skadde, og at situasjonen er alvorleg for minst fem av dei. Ein ungdom måtte amputere eit bein.

Augevitne fortel at kollisjonen var svært kraftig, nærmast eksplosiv, og at det vart gjort skade på fleire bygningar i nærleiken.

Redningsarbeidarar arbeidde på spreng for å få ut skadde frå togvraket, og politiet har enno ikkje full oversikt over skadeomfanget. Ambulansehelikopter og ambulansar køyrde i fleire timar skytteltrafikk mellom skadestad og sjukehusa.

Midt i morgonrushet

Ulukka skjedde i morgonrushet rundt kl. 07.30 lokal tid, klokka 12.30 norsk tid. Eit tog skadde stansa mellom stasjonane Moron og Castelar. Eit toetasjars passasjertog krasja inn i det stilleståande toget.

Det er uklart kvifor det første toget stansa utanfor stasjonen og kvifor det andre toget ikkje greidde å stanse.

Ein talsmann for det statlege argentinske jernbaneselskapet seier at dei er sikre på at ulukka ikkje skuldast bremsefeil på toget. Han meir enn antydar at det kan vere snakk om ein førarfeil. Ein fagforeiningsleiar seier at togsettet nyleg har vore ute av drift på grunn av ein feil på bremsesystemet.

Både togføraren og assistenten hans overlevde ulukka, men dei skal ikkje vere i stand til å fortelje kva som skjedde.

Flere mennesker er døde og enda flere skadet i en togulykke 30 kilometer vest for Buenos Aires i Argentina torsdag. Ifølge meldinger skal et passasjertog ha krasjet inn i et annet tog som sto stille.

VIDEO: Fleire omkom i togkrasj i Argentina

– Alle hylte og skreik

– Eg høyrde ein kraftig smell og så ramla det folk rundt meg over alt. Alle hylte og skreik, seier den 26 år gamle passasjeren Lida til nyheitsbyrået AFP.

Ulukka skjedde på Sarmiento-lina, som bind dei vestlege forstadene i Buenos Aires saman med sentrum.

Den hittil verste jernbaneulukka i Argentinas historie skjedde på denne lina i februar i fjor. Då omkom 51 menneske, medan over 700 vart skadde.

Togulukke i Buenos Aires.

Det var to fullsette tog som var innblanda i ulukka i Buenos Aires.

Foto: Ap
Togulukke i Buenos Aires.

Skadde ventar på å bli frakta bort av ambulansar.

Foto: Ap

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt