NRK Meny
Normal

Aktor i ny bok: Meiner Sture Bergwall framleis er skuldig

Aktoren som leia alle etterforskingane mot den frikjente seriedrapsmannen Thomas Quick, som no heiter Sture Bergwall, hevdar at Quick framleis er skuldig. Og den tidlegare aktoren meiner han har støtte i Noreg.

Thomas Quick

Christer van der Kwast, meiner Bergwall framleis er skuldig, og at dei opphavlege dommane var rett.

Foto: Kjetil Saugestad/ NRK

Christer van der Kwast er aktoren som leia alle etterforskingane mot den no frikjente

Sture Bergwall, tidlegare kjent som Thomas Quick.

I si nye bok forsøker han å slå tilbake mot alle dei som har latterleggjort sakene, og van der Kwast sjølv meiner at han har støtte i Noreg.

Boka er latterleggjort

Boka «Bortom rimligt tvivel» er eit langt forsvarsskrift for dei omfattande Quick-etterforskingane. Christer van der Kwast var ansvarleg aktor og etterforskingsleiar for det som førte fram til åtte drapsdommar. Men etter at Sture Bergwall trakk tilståingane er han vorte frikjent i alle sakene, og han har skifta namn frå Thomas Quick til Sture Bergwall.

Etter å ha vorte latterleggjort av mange, vil van der Kwast no slå tilbake.

– I denne gåtefulle og komplekse saka vil eg gjerne ha gitt min versjon, forklarer van der Kwast til NRK om si nye bok.

Massivt materiale

I sak for sak, og detalj for detalj, argumenterer van der Kwast i boka for at dommane mot Bergwall for 5 svenske og 3 norske drap er riktige. Men han står nokså åleine. I Sverige er opinionen massiv og kritikken haglar alt mot boka. Til NRK er den frikjende Bergwall nådelaus.

– Christer van der Kwast er ein kynikar som slost for sin heider. Det er ynkeleg, seier Bergwall i ein e-post til NRK.

Bergwall skriv at han truleg ikkje kjem til å lese boka, fordi han trur den ikkje tilfører noko nytt. I mars i fjor slapp Sture Bergwall ut etter 23 år innelåst som pasient på Säters mentalsjukehus.

Skryter av norsk politi

I boka skildrar van der Kwast eit svært profesjonelt og godt samarbeid med norsk politi i drapssakene om Gry Storvik, Trine Jensen og Therese Johannesen. Han meiner gjenopptakingsprosessane er den eigenlege rettsskandalen, med mange feil og manglar, og siterer eit intern notat frå politiet i Buskerud.

Etter at Bergwall fekk oppheva dommen for å ha drepe Therese Johannesen, gjorde politiet i Drammen ein gjennomgang av heile saka:

  • Kritikkverdig at Bergwall ikkje vart grundig avhøyrt etter at tilståingane vart trekt tilbake.
  • Uheldig at norske etterforskarar med stor kunnskap om sakene ikkje vart trekt inn.
  • Prosessen med gjenopptakinga var prega av ei haldning om at Bergwall var uskuldig

    Christer van der Kwast.

    Christer van der Kwast skriv i ei ny bok at Bergwall framleis er skuldig, og at han har støtte i Noreg.

    Foto: Björn Larsson Ask / SvD / SCANPIX

Støtte frå Noreg

Christer van der Kwast meiner han har støtte i Noreg og viser til eit NRK-intervju med Christine Fossen, som den gongen var politimeister i Drammen. I dette intervjuet sa Fossen at politiet og påtalemakta i Noreg meiner at Bergwall er gjerningsmannen i Therese-saka, trass svensk reinvasking

NRK har i heile dag prøvd å få tak i Christine Fossen, som er ny politimeister i Vestfold, for å spørje henne om ho står ved det ho sa i intervjuet i 2011. Fossen har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar, og onsdag kveld opplyser Vestfold politidistrikt at ho oppheld seg i utlandet.

Kunne fått dom i Marianne-saka

Då samarbeidet mellom Sture Bergwall og politiet stoppa opp, var ei ny norsk drapsgåte under etterforsking. Christer van der Kwast meiner det var sterk støtte for at Bergwall stod bak bortføring og drap av 7 år gamle Marianne Rugaas Knudsen, som forsvann frå Risør i 1981.

Sture Bergwall er ikkje i tvil om at denne saka kunne vorte noko av.

– Eg er heilt sikker på at van der Kwast hadde tatt ut tiltale også i Rugaas-saka, skriv Bergwall i ein e-post til NRK.

Ser fram til granskingsrapport

No bur Bergwall i ein liten tettstad i Jämtland. Bergwall må gi frå seg ein månadleg urinprøve for å vise at han ikkje brukar rusmiddel, men er elles ein fri mann, reinvaska i alle drapssakene.

Han ser fram til at granskingskommisjonane på svensk og norsk side skal levere sine rapportar om dei gåtefulle Quick-sakene til sommaren.

Tidlegare aktor Christen van der Kwast er pensjonist, og han har sagt at han set punktum for sin samfunnsdebatt med boka «Bortom rimligt tvivel»

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt