NRK Meny
Normal

Adventskalender med verstingar på flukt

Her er videoen med første luka i adventskalenderen til Europol. Kvar dag fram til julaftan skal politiorganisasjonen presentere dei 24 verste forbrytarane på flukt i Europa.

Europols kalender 'EU most wanted' 2016

VIDEO: SJå Europols julekalender

Den europeiske organisasjonen for politisamarbeid, Europol , går i år nye vegar i jakta på rømlingar. No håpar dei at den kriminelle adventskalenderen skal føre til tips frå publikum som kan føre til at dei etterlyste blir sette bak lås og slå.

I luke 1 blir vi presentert for austerrikaren Tibor Foco. Han har vore på flukt sidan 1995, då han greidde å stikke av under ein permisjon frå fengselet. Då sona han ein dom på livsvarig fengsel for drapet på ei prostituert kvinne i 1986.

Handjern som julekule

Leder i Forsvarergruppen i Advokatforeningen, Marius Dietrichson

Marius Oscar Dietrichson meiner julekalenderen frå Europol er smaklaus.

Foto: Kay Rune Kvitstein / NRK

Eit bilete av Foco er plassert inne i eit handjern forma som ei julekule, med snø som dalar ned i bakgrunnen.

Ikkje alle synest dette er rette måten å gå fram på. Leiar av forsvarargruppa i Advokatforeininga, Marius Oscar Dietrichson, meiner det heile er eit smaklaust forsøk på å gjere alvorlege ting til underhaldning.

– Dette synest eg ikkje mykje om. Det ligg sikkert ein god tanke bak, men det er smaklaust. Straffesaker skal behandlast på ein verdig måte og ikkje bli selt som underhaldning. Det er respektlaust overfor offera og dei sikta, som i fleire tilfelle ikkje ein gong er dømde for det dei blir skulda for, seier Dietrichson til NRK.

– Treff godt

Peggy Brønn, professor i kommunikasjon, leiing og PR ved Handelshøyskolen BI i Oslo, meiner at Europol treff godt med adventskalenderen sin. Ho trur Europol vil få merksemd rundt sakene, og at fleire av dei kriminelle kan bli tekne.

Professor Pegge Simcic Brønn.

Peggy Brønn er professor ved Handelshøyskolen BI i Oslo.

Foto: Torbjørn Brovold

– Eg synest dei har vore flinke her. Det er ein fin måte å få merksemd på, slik at dei kan fange fleire «bad guys», seier ho.

Europol skriv i ein E-post til NRK at adventskalenderen på ingen måte er meint som underhaldning, men at det einaste målet med kampanjen er å arrestere fleire av dei mest ettersøkte kriminelle i Europa.

Belgia tror IS har sendt nye krigere til Europa

Europol sender 200 terroreksperter til flyktningsentre

Etterforsker fortsatt savnet sjømann i Kristiansund

– Effektiv metode

Politiorganisasjonen meiner at merksemd frå media og publikum har vore svært effektivt når det gjeld å få kriminelle tilbake bak murane. Etter at Europol la ut ein liste over dei mest ettersøkte i januar i år, har dei teke 24 personar

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt