NRK Meny
Normal

Abbas vil be om statsoppgradering

Palestinernes president Mahmoud Abbas var for eitt år sidan i FNs hovedforsamling for å be om at Palestina vert eigen stat. I år prøver han igjen.

Direktesending frå FNs hovudforsamling, med blant andre Mahmoud Abbas

DIREKTE: Frå Midtausten-møte i FN.

For eitt år sidan reiste Mahmoud Abbas til New York og FNs hovedforsamling med eit ambisiøst mål: Han ville at Palestina skulle få status som fullverdig medlemsstat i FN.

Det gjekk ikkje, og kommentatorar peika på at han visste det, men hadde ingen andre val etter sterkt press på å få kva som helst framgang. Han fekk eit kontant veto-nei frå USA, Israels evige allierte. No prøver Abbas att, denne gongen med litt mindre ambisjonar.

Frå FNs talarstol skal han i be om å auke Palestinas status frå «observatør-enhet» til «observatør-stat». Eit grep som vert kritisert.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Mahmoud Abbas

DRØYMER OM MEDLEMSKAP: Den palestinske presidenten helsar her på Italias Mario Monti under FNs hovedforsamling. Om han får Montis støtte er derimot usikkert.

Foto: Seth Wenig / Ap

– Me fortener å verte anerkjende som ein full medlemsstat, ikkje eit slikt halvvegs steg. Me skjønar ikkje kva godt det vil gjere, seier 26 år gamle Manal Hassan til Reuters.

Ho reflekterer store deler av ei palestinsk befolkning som er misnøgde med den palestinske leiinga. Andre kommentatorar peiker på at dette ikkje vil falle i god jord hjå Israel og USA. I ein analyse for Reuters skriv Crispian Balmer at økonomiske sanksjonar vil vente den palestinske regjeringa frå israelsk og amerikansk side.

– Eg vil ikkje late som om dette er bra for oss, men det vil vere verst for dei, seier visestatsministeren i Israel, Dan Meridor.

Klar for fredssamtalar

– Mahmoud Abbas er klar til å ta opp att samtalane med Israel dersom dei frys planane om å byggje nye jødiske busetnader, seier Saeb Erekat, palestinaranes tidlegare toppforhandlar, til nyheitsbyrået Agence France Presse.

I eit møte i går vart det klart at Abbas ynskjer nye fredssamtalar med Israel. Det er nøyaktig to år sidan samtalane sist braut saman. Den gongen etter kranglar om nettopp dei jødiske busetnadene. Det har lenge vore eit ultimatum frå den palestinske sida at busetnadene må vekk. Fleire gonger har israelarane lova dette, men aldri gått fullt inn for det.

FNs generalsekretær Ban Ki-moon åtvara tysdag om at ei framleis auke i jødiske busetnader kan lukke døra for fred – for godt.

(Reuters, AFP)

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt