Hopp til innhold

«Wild Eye» dukka opp åtte år etter dramatisk havari

16 år gamle Abby Sunderland vart berga i ein dramatisk redningsaksjon i Indiahavet i juni 2010. Åtte og eit halvt år seinare vart seglbåten hennar funnen flytande opp ned i havet utanfor Australia.

Seglbåten Wild Eye.

Slik låg «Wild Eye» i havet utanfor Kenguruøyane i Australia ved årsskiftet.

Foto: REBECCA STOKES / REBECCA STOKES

Amerikanske Abigail «Abby» Sunderland hadde eit håp om å bli den yngste nokon gong til å segle åleine jorda rundt. Draumen enda i ein storm midt mellom Madagaskar og Australia 11. juni 2010, då ho vart plukka opp frå den havarerte seglbåten sin av eit fransk fiskefartøy.

No har seglbåten hennar dukka opp igjen utanfor kysten av Australia.

– Eg reagerte emosjonelt då eg såg bileta av «Wild Eye», det var som om hjartet hoppa over eit slag. Det vekte mange minne, mange gode, men også vonde. Men det var godt å sjå igjen båten etter alle desse åra, seier den no 25 år gamle kvinna til ABC News South Australia .

Siglbåten Wild Eye.

Tre bilete av «Wild Eye» slik seglbåten låg i havet utanfor Kenguruøyane nyttårsaftan.

Foto: REBECCA STOKES / REBECCA STOKES

Snart firebarnsmor

Abby Sunderland kom i land på øya Reunion.

Abby Sunderland etter at ho kom i land på La Reunion 26. juni 2010.

Foto: Laurent Capmas / Reuters

Abby bur i dag i den amerikanske delstaten Alabama, er gift og mor til tre born, med det fjerde på veg. Ho seier at det kunne ha vore kjekt å sjå om det var mogleg å berge båten, ikkje minst for å sjå om foto- og videomaterialet frå turen var i båten. Desse var pakka i vasstette boksar, og dersom dei framleis er om bord kan dei vere intakte.

Ho la ut frå Marina del Rey i California 23. januar 2010. Ho var altså på havet i underkant av seks månader, før ho hamna i stormen som knekte stormasta på «Wild Eye». 11. juni same året vart ho plukka opp av den franske fiskebåten, og 26. juni fekk ho fast grunn under føtene på øya La Reunion.

Ein talsmann for politiet i South Australia seier det ikkje blir snakk om å prøve å berge vraket, før det eventuelt blir til fare for skipstrafikken i området. Han fortel at det er sendt ut ei åtvaring til skip i området om å vere på vakt.

Har fått snakket med 16-årig jordomseiler

Seglbåten Wild Eye.

Abby Sunderland om bord på seglbåten «Wild Eye» like før ho vart berga 11. juni 2010.

Foto: Will Blackshaw / AFP

Neppe aktuelt med berging

Heller ikkje Laurence Sunderland, faren til Abby, trur det nokon gong kan bli aktuelt å prøve å berge «Wild Eye» frå bølgjene i Det indiske hav. Seglbåten ligg med kjølen i vêret, fullstendig dekka av skjel og andre små havdyr.

Han reknar med at ein redningsoperasjon og eventuell restaurering vil bli altfor dyrt.

Det var eit fly på jakt etter tunsfiskstimar som oppdaga den havarerte seglbåten nyttårsaftan. Politiet sende deretter ut eit helikopter for å ta vraket i nærare augesyn, og dei kunne slå fast at det verkeleg var «Wild Eye».

Abby Sunderland

Abby Sunderland då ho la ut på turen med «Wild Eye» i januar 2010.

Foto: Richard Hartog / AP

SISTE NYTT

Siste nytt