Hopp til innhold

«Krigståke» eller propaganda?

Media i USA krev svar på om det er «krigståka» som har skulda for at styresmaktene har formidla sprikande og ukorrekt informasjon om drapet på Osama bin Laden.

John Brennan og James Carney

John Brennan (t.v.) og James Carney i Det kvite hus får kritikk for å stadig endra informasjonen kring det som skjedde då Osama bin Laden vart drepen.

Foto: Susan Walsh / Ap

Amerikanske styresmakter har i dagane etter drapet på Al Qaida-leiaren Osama bin Laden fått pes frå fleire hald for å vera sparsame med detaljane, og for å ha gått ut med versjonar av hendingsforløpet som dei seinare har endra på.

CNN-kommentator Tom Cohen er blant dei som gjev USA smekk for å ha formidla det han meiner er både misleiande og og feilaktig informasjon om det som skjedde i løpet av dei siste lagnadstunge minuttane før bin Laden vart teken av dage.

– Er det «krigståka» som har skulda, var det eit forsøk på å hysja ned alle kritiske spørsmål til drapet, eller var det ein siste propaganda-salve til amerikanske borgarar til støtte for krigen mot terror? spør Cohen i CNN.

Væpna eller ikkje væpna?

For først rapporterte amerikanske tenestemenn om at bin Laden skaut tilbake, og at spesialstyrkane Navy Seals difor måtte opna eld i sjølvforsvar.

Det blei også sagt at kvinner blei brukt som menneskelege skjold og at den yngste kona til bin Laden vart drepen i den 40 minuttar lange skotvekslinga.

Berre timar seinare korrigerte ein talsperson for Det kvite hus desse opplysningane.Tysdag kom det atter ein gong endringar då pressesekretær James Carney gav ein steg for steg skildring av aksjonen utarbeidd av Forsvarsdepartementet i USA.

Carney sa blant anna at bin Laden var uvæpna då amerikanske styrkar slo til, og at det ikkje blei brukt menneskelege skjold, slik det først blei opplyst.

(Saka held fram under biletet)

Osama bin Ladens gjemmested

Osama bin Laden vart drepen i huset sitt i Pakistan den 1.mai i år av den amerikanske spesialstyrken Navy Seals.

Foto: HO / Reuters

– Heilt naturleg

Ola Bøe-Hansen

Ola Bøe Hansen er kommandørkaptein ved Forsvarets Stabskole.

Foto: Forsvarets høgskole

Kommandørkaptein Ola Bøe Hansen ved Forsvarets Stabskole har 22 års erfaring som offiser. Han meiner det er heilt naturleg og uproblematisk at amerikansk etterretning har sett seg nødde til å endra forklaringa si om kva som skjedde då spesialstyrkane slo til mot bin Laden.

– Heile verdssamfunnet kravde innsyn med ein gong, men under og like etter denne typen operasjonar er alt veldig uoversiktleg, seier Hansen og viser til «krigståka» – som CNN-kommentatoren har kalla det.

Hansen peikar på at ulike spesialoperatørar på bakken og dei som sit på utsida og ser på aksjonen på ein skjerm kan oppleva hendingsforløpet svært forskjellig.

– Det tok nok litt tid før spesialjegarane kom tilbake til dei kunne ha debriefing og koma til ei felles forståing av korleis dette faktisk utspant seg.

Akseptabelt eller lovbrot?

Gen.sekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs

Generalsekretær i Amnesty International Noreg, John Peder Egenæs.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

– Desse detaljane er enormt viktige, fordi dei gjev svar på om dette var ein rein likvidasjon eller eit forsøk på arrestasjon som enda med drap fordi bin Laden gjorde motstand. Det siste er hundre prosent akseptabelt medan ei uprovosert avretting er forbode, seier generalsekretær i Amnesty International Noreg, John Peder Egenæs.

I går sende menneskerettorganisasjonen eit brev til amerikanske styresmakter der dei ber om ein korrekt og fullstendig gjennomgang av korleis aksjonen blei utført.

– No har det kome fram så mange ulike versjonar av hendingsforløpet at USA må gje oss klarheit i kva som faktisk skjedde under aksjonen som resulterte i drapet på Osama bin Laden, seier Egenæs.

«Capture-kill»

Osama Bin Laden

Mange stiller spørsmål ved at Osama bin Laden vart drepen og ikkje teken til fange.

Foto: MAZHAR ALI KHAN / AP

Hansen ved Forsvarets Stabskole fortel at aksjonen mot Osama bin Laden søndag var ein standardoperasjon av typen «capture-kill», der førsteprioritet er å fanga målet, medan drap er alternativ nummer to.

Folkerettsekspert Gro Nystuen har tidlegare sagt til NRK at det er eit brot på menneskerettane dersom bin Laden vart skoten utan forsøk på arrestasjon.

Hansen vil ikkje spekulera i kva som kan vera årsaka til at spesialstyrkane måtte ty til plan B - å drepa bin Laden - sjølv om det skulle visa seg at han var uvæpna.

– Det kjem an på situasjonen der og då. Skotveksling, skrik og trugsmål - mange ting spelar inn, seier Hansen som understrekar at alle detaljane kring ein slik operasjon vert nøye juridisk vaska på førehand.

– Faglege ekspertar går gjennom alle lovar og reglar, for å sikra at planen er i tråd med rettslege prinsipp, opplyser kommandørkapteinen.

Konspirasjonar

Berre dagar etter at president Barack Obama kunngjorde at klappjakta på bin Laden er over for godt, florerer konspirasjonsteoriane. Men det er USA åleine som sit på fasitsvara om kva som verkeleg skjedde den kvelden verdas mest ettersøkte og forhatte terrorist vart drepen.

Kommandørkaptein Hansen meiner omverda har all grunn til å stola på den informasjonen USA kjem med.

– USA har vore svært opne og har handtert dette veldig bra. Det er ekstremt viktig at militæret ikkje held offentlegheita i mørket, men at dei kjem med informasjon sjølv om den kanskje ikkje er hundre prosent kvalitetssikra, seier Hansen.

(Saka held fram under biletet)

Pakistansk aviser dagen etter Osama bin Ladens død

Pakistanske aviser dagen etter Osama bin Ladens død.

Foto: Arif Ali / Afp

«Share till it hurts»

Stikk i strid med kritikarane synest han at USA fortener ros for å ha korrigert informasjonen fortløpande.

– Det er modig å koma med slike korrigeringar. Firestjerners generalen David Petraeus har eit motto som eg tykkjer er veldig flott: «Share till it hurts» – del til det smertar.

Hansen meiner mottoet til Petraeus illustrerer godt den retninga vestlege militær- og etterretningsorgan no går – mot meir openheit og innsyn.

– Tanken er at ein bør koma på banen så tidleg så mogleg for å hindra at propaganda frå motstandaren ikkje skal få innarbeidd seg i folket. Det medfører nødvendigvis ein viss risiko for feilinformasjon. Det må offentlegheita ha forståing for, seier han.

Forstår trøkket

Egenæs i Amnesty International Noreg forstår at dette har vore ein situasjon med mykje trøkk og press, og at informasjonshandteringa har vore vanskeleg.

– Men no har det gått fleire dagar sidan drapet, og me få veta korleis dette faktisk gjekk føre seg. Det er viktig for USA si truverd, og for at det ikkje skal blomstra fram ein generell aksept for at personar vert avretta utan dom.

– Openheit frå USA si side er også viktig for at befolkninga i muslimske land skal oppfatta at dette blei gjort på riktig måte, legg generalsekretæren til

SISTE NYTT

Siste nytt