Hopp til innhold

«Full Metal Jacket»-skodespelar R. Lee Ermey død

Ermey fekk sitt store gjennombrot som skodespelar i rolla som den sadistiske marinesersjanten Hartman i Stanley Kubricks «Full Metal Jacket» (1987).

R. Lee Ermey

I SITT ESS: R. Lee Ermey i sitt livs rolle som drillsersjanten Hartmann i Stanley Kubrikcs Full Metal Jacket.

Foto: AP

Ermay var ein dekorert krigsveteran, og hadde tidlegare arbeidd som teknisk konsulent på Francis Ford Coppola sin film «Apokalypse nå», kombinert med ei lita rolla som helikopterpilot.

Han skulle eigentleg vere teknisk konsulent for Kubrick også, men da Ermey laga ein video der han viste korleis ein ekte «drill-sersjant» kjefta på soldatane sine, fekk han rolla som den sadistiske marinesersjanten Hartman.

Kontrollfriken Kubrick gav også den tidlegare marinesersjanten frie hender til å skrive sin eigen dialog, og han fekk lov til å improvisere på settet. Ermey trengde også uvanleg få forsøk på å spele inn kvar scene, noko som ikkje var kvardagskost i ein Kubrick-produksjon.

Spelte i over 60 filmar

Rolletolkinga vart det store gjennombrotet for Ermey.

Vidare spelte han i store filmar som« Mississippi Burning», «Se7en», «Toy Soldiers» og «Texas motorsagmassakren». Ofte i autoritære eller militære roller.

Han lånte også stemma si til tallause teiknefilmar, og han spelte i mange enkeltepisodar i kjende TV-seriar.

FILES-US-OBITUARY-LEE ERMEY

SAMTALE MED GEORGE W. BUSH: Ermey i passiar med USAs tidlegare president, etter ein tale til marinesoldatar i Salt Lake City, Utah.

Foto: JIM WATSON / AFP

Hevda seg svartelista etter Obama-tirade

Under ein tale for det amerikanske marinekorpset i 2010, gjekk Ermey til angrep på den økonomiske politikken til Barack Obama. Sjølv meiner han dette førte til at han vart svartelista som skodespelar i Hollywood.

Han sa også at engasjementet for våpenlobbyistane NRA, skada skodespelarkarrieren. Han meinte Donald Trump ville sikre amerikanarane sin rett til å bere våpen.

Ermey døydde på eit sjukehus i California, etter komplikasjonar frå lungebetennelse. Han vart 74 år gammal.

SISTE NYTT

Siste nytt