Hopp til innhold

«Død» mann vakna opp i Mississippi

Ein mann i byen Lexington i Mississippi i USA er funnen i live hos eit gravferdsbyrå, fleire timar etter at han vart erklært død.

Skjermdump frå BBC.

Walter Williams (78) vakna opp på gravferdsbyrået etter å ha blitt erklært død kvelden før. (Skjermdump frå BBC)

78 år gamle Walter Williams vart erklært død av ein rettslege onsdag kveld i heimen sin i Lexington. Dagen etter vart han plassert i ein likpose og teken til gravferdsbyrået Porter and Sons i same byen.

Under førebuingane til å balsamere liket, oppdaga dei tilsette på gravferdsbyrået at mannen røyvde på seg.

– Ikkje teikn til liv

Rettslege Dexter Howard i Holmes County seier til BBC at han vart ringt opp av ein sjukepleiar, som fortalde at Walter Williams var død. Howard seier at han gjekk gjennom dei vanlege prosedyrane for å sjekke om verkeleg var død, men at han ikkje fann teikn til liv.

Hos gravferdsbyrået oppdaga dei først at 78-åringen bevega seg, deretter at han byrja å puste igjen.

– Plutseleg byrja han å puste igjen, det var eit mirakel, seier Dexter Howard til BBC.

Walter Williams hadde pacemaker. Ein teori er at pacemakeren på eit tidspunkt slutta å fungere. Dette kan igjen ha ført til at Williams slutta å puste. På eit seinare tidspunkt kan pacemakeren ha slått seg på igjen, noko som kan ha fått hjartet hans i gang igjen.

– Heilt uvanleg tilfelle

Gardbrukaren og skulestyremedlemen Williams vart teke til sjukehuset etter at han vakna opp igjen. Dexter Howard har vitja han der, og han kan fortelje at han framleis er i live.

– Eg har aldri opplevd noko liknande i mine over 20 år som rettslege. Det er eit heilt uvanleg tilfelle, og eg håper han klarer seg, seier Dexter Howard.

Nevøen til Williams, Eddie Hester, seier dette til den lokale fjernsynsstasjonen WAPT:

– Eg veit ikkje kor lenge han vil leve, men han er i live no. Det er alt som betyr noko, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt