Hopp til innhold

– Første gang ein israelsk F-16 er skoten ned

Den tidlegare israelske flyvåpensjefen trur det er første gang eit israelsk F-16 kampfly har blitt skoten ned.

MIDEAST-CRISIS/SYRIA-ISRAEL

MADE IN RUSSIA? Ein traktor dreg vekk restane av det som kan vere ein av dei mange luftvernrakettane som vart skotne opp i dag. Bildet er frå Quneitra i Syria.

Foto: ALAA AL-FAQIR / Reuters

Israelske kommentatorar er forsiktige med å slå fast om kampflyet vart skote ned. Det israelske forsvaret seier det framleis er uklart kva som skjedde.

Israel Syria

ISRAELSK KAMPFLY I BAKKEN: F-16 jagarflyet landa nær landsbyen Harduf i Nord-Israel. Begge pilotane skal ha skote seg ut, og er frakta til sjukehus. For ein av pilotane skal situasjonen vere kritisk.

Foto: Yehunda Pinto / AP

– Det er usikkert på kva trinn i oppdraget pilotane valde å skyte seg ut, men det vil vere ekstremt urovekkande for oss om flyet vart skote ned, seier IDF talsmann Conricus til Reuters.

Laster Twitter-innhold

Uansett, styrten blir sett på som eit stort prestisjenederlag for det israelske flyvåpenet, og forsvaret gjekk i morgontimane til ein storoffensiv mot syriske og iranske mål.

ISRAEL-SECURITY-IVRY

GENERAL DAVID IVRY: Seier til Reuters han trur det er første gang ein israelsk F-16 har blitt bringa ned sidan flyet vart teken i bruk på tidleg 80-tal.

Foto: SVEN NACKSTRAND / AFP

Den tidlegare israelske flyvåpensjefen David Ivry seier til Reuters han trur det er første gang ein israelsk F-16 er skoten ned sidan den vart teken i bruk tidleg på 80-talet.

Det israelske forsvaret seier at F-16 kampflyet kom under massiv beskytning av luftvern inne i Syria.

Laster Twitter-innhold

Luftrommet over Israel var ei tid stengt på grunn av frykt for vrakrestar frå luftvernrakettar frå Syria.

Laster Twitter-innhold

Israel seier dei øydela ein iransk dronebase, og det var ein innkommande iransk drone som førte til at situasjonen eskalerte i morgontimane i dag.

Det israelske forsvaret offentleggjorde nyleg ein video av dronen.

Laster Twitter-innhold

– Putin bestemmer

Trass ein kort ordkrig mellom Israel og Iran, har situasjonen roa seg.

Partane skuldar på kvarandre for den dramatiske eskaleringa, men kommentator i avisa Haaretz, Anshel Pfeffer, påpeikar at det er Russland som bestemmer i luftrommet over Assad regimet.

Pfeffer viser til at Russland har forsynt Syria med luftvern, og trent opp personalet der.

– Og det var Russland som truleg formidla vidare beskjeden om at Israel ikkje ville eskalere konflikten i dag, skriv Pfeffer.

Hendingane i dag viser at det er Russland og Vladimir Putin som bestemmer i Syria, noko som gjer det meir krevjande, både militært og diplomatisk, for israelske kampfly å operere i syrisk luftrom, meiner Pfeffer.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt