Hopp til innhold

Israelsk jagarfly styrta etter luftkrig over Syria

Eit israelsk kampfly av typen F-16 har styrta i Nord-Israel, etter at det kom under massiv eld frå syrisk luftvern, melder Det israelske forsvaret.

ISRAEL-SYRIA-CONFLICT-GOLAN

VRAKRESTAR: Det israelsk kampflyet styrta i Nord-Israel, ved landsbyen Harduf, etter at det kom under eld frå syriske luftvernrakettar.

Foto: JACK GUEZ / AFP

Dei to pilotane skaut seg ut, og har blitt frakta til sjukehus. For ein av pilotane skal tilstanden vere alvorleg, skriv avisa Haaretz.

Laster Twitter-innhold

Talsmann for Det israelske forsvaret (IDF), Jonathan Conricus, seier at kampflyet av typen F-16, var sendt for å bombe mål i Syria, som svar på at ein iransk drone vart sendt inn i israelsk luftrom.

Laster Twitter-innhold

– På grunn av massivt antiluftskyts styrta ein F-16 i Israel. Iran er ansvarlege for denne alvorlege krenkinga av israelsk luftrom, skriv Conricus på Twitter.

I ei anna twittermelding skriv han at dei har lukkast med å råke ein iransk dronebase i Syria.

Kva var det som skjedde?

Ifølgje IDF avskar eit israelsk kamphelikopter ein iransk drone, som var sendt inn i israelsk luftrom. Dronen skal ha styrta, og er no under kontroll, seier general Ronen Manelis til BBC.

Som svar på denne provokasjonen, gjekk israelske kampfly til angrep på iranske mål inne i Syria.

Frå Syria vart det svart med antiluftskyts, og flyalarmen runga ut over Golan-høgda og i Nord-Israel.

– Luftangrepa mot iranske mål i Syria held fram

IDF talsmann Conricus skriv på Twitter at Israel held fram med å angripe iranske bakkemål inne i Syria.

Laster Twitter-innhold

Nyheitsbyrået AP melder at Israel har råka tolv mål, mellom anna tre luftvernbatteri og fire iranske militærinstallasjonar.

Samtidig seier israelske medium at ein høyrer lyden av rakettar i Nord-Israel, og det har blitt observert fleire kondensstriper frå det som truleg er syriske luftvernrakettar.

Den syriske kringkastinga melder også at luftvernbatteria har klart å skade meir ein eitt israelsk kampfly. Dette er ikkje bekrefta av Det israelske forsvaret.

Iran, ein nøkkelaktør i Syria

Iran og Russland er viktige støttespelarar til president Bashar al-Assad i borgarkrigen i Syria.

Assad har kjempa mot opprørsgrupper i ein blodig krig sidan 2011.

Iran har blitt skulda for å ha ambisjonar om å opprette ei forsyningslinje gjennom Syria til den sjiamuslimske Hizbollah-rørsla i Libanon. Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har sagt han vil hindre at Iran etablerar permanente militærbasar i Syria.

Den israelske kampflystyrten i dag, er ein av dei meir alvorlege hendingane i denne konflikten mellom Israel og Iran.

I ein krig som blir utkjempa av eit lappeteppe av regionale allierte og fiendar.

SISTE NYTT

Siste nytt