Leiarar i Hamas har lenge diskutert ei endring i det overordna målet for organisasjonen. No går dei eitt steg vidare, og nedfeller dette i det nye politiske charteret.
I tillegg til punktet om ikkje å utslette Israel, blei det tidlegare meldt at organisasjonen også ville fjerne dei formelle banda til Det muslimske brorskapet. I staden er det no klart at Hamas skal definere seg som ei nasjonal frigjeringsgruppe.
Leiaren i Hamas, Khaled Meshaal, presenterte charteret på ein pressekonferanse i Qatar måndag kveld.
Minske internasjonal isolasjon
Målet med endringane skal vere å minske den internasjonale isolasjonen og betre forholdet til golfstatane og Egypt. Mange vestlege land ser på Hamas som ei terrorgruppe.
I dokumentet seier Hamas for første gong at organisasjonen formelt aksepterer ein palestinsk stat innanfor grensene frå 1967, då Israel okkuperte Gaza, Vestbreidda og Aust-Jerusalem i Seksdagarskrigen.
Hamas sitt opphavlege charter slo fast at væpna kamp var den einaste legitime måten å kjempe mot den israelske okkupasjonen på. No blir det også oppmuntra til ikkje-valdeleg, folkeleg motstand.
I dokumentet blir det understreka at «kampen ikkje er mot jødar på grunn av religionen deira, men mot staten Israel som okkupasjonsmakt».
Les også:
Israel trekte seg tilbake frå Gaza i 2005, og Hamas har hatt makta i området sidan 2006.
Ein representant for Hamas, Ahmed Yusef, sa til nyheitsbyrået AFP før dokumentet blei lagt fram, at det oppdaterte charteret «er meir moderat, og vil kunne verne oss mot skuldingar om rasisme, antisemittisme og brot på internasjonal lov».
Abbas møter Trump
Arabiske kjelder understrekar at tidspunktet for å leggje fram dokumentet ikkje er tilfeldig. Onsdag skal den palestinske presidenten, Mahmoud Abbas møte presidenten i USA, Donald Trump i Det kvite hus. Abbas håpar USA vil presse Israel til å inngå ein fredsavtale.
Fleire analytikarar i Midtausten meiner at eit meir moderat charter vil kunne betre forholdet både til vestlege land, og leggje grunnlaget for ein avtale med PLO, som Abbas leier.
- Les også:
- Les også:
I Gaza seier politisk kommentator Mukhaimer Abu Saada at det oppdaterte charteret vil kunne betre forholdet til arabiske land og vestlege land som Noreg, Russland og Sveits, som ikkje har slutta seg til den vestlege boikotten. Men han tvilar på om forholdet til USA og EU vil bli betre som følgje av dette.
Saken er oppdatert med følgende informasjon:
Hamas skriver også i sitt dokument at de avviser alt annet enn en fullstendig frigjøring av Palestina, «fra elv til hav». Dette tolkes som en motsetning til det organisasjonen skriver om å kunne akseptere en palestinsk stat med grenser fra 4. juni 1967 og med Jerusalem som hovedstad.