Hopp til innhold

– Tyrkia kjem til å angre på det dei gjorde

– Tyrkia kjem til å angre på at dei skaut ned eit russisk fly, seier Vladimir Putin i sin årlege tale til nasjonen. Han legg til at dei som trur at Russland berre kjem til å ty til økonomiske sanksjonar tek grundig feil.

Tyrkia kommer til å angre på at de skjøt ned et russisk fly, sa Vladimir Putin i sin årlige tale til nasjonen. Den russiske presidenten antydet at det vil komme ytterligere sanksjoner mot Tyrkia etter nedskytinga i forrige uke. Morten Jentoft kommenterer utspillet.

– Allah har straffa det tyrkiske folk ved å fjerne all sunn fornuft frå den styrande eliten, sa Vladimir Putin under sin tale. Sjå frå Putin sin tale, og Moskva-korrespondent Morten Jentoft som fulgte heile talen.

– Russland kjem aldri til å gløyme Tyrkias nedskyting av det russiske flyet, seier Vladimir Putin som no held sin årlege tale til det russiske folk.

– Tyrkia fyller terroristane sine lommer

Og Tyrkia får særs hard medfart i talen. Putin kallar Tyrkias handlingar for svikefulle, og den russiske presidenten åtvarar samstundes land mot å utøve dobbeltmoral når det kjem til terror. Eit land kan ikkje både kjempe mot terror, og samstundes bruke terrorgrupper til fordel for seg sjølv, seier Putin.

Russia Putin Vladimir Putin

Vladimir Putin seier i dag at Tyrkia kjem til å angre på det dei har gjort.

Foto: Ivan Sekretarev / Ap

Det er ingen tvil om at Vladimir Putin snakkar om Tyrkia også her. Tyrkia har blitt skulda av Russland for å drive handel med terrorgruppa IS. Putin gjentok dette i dag, og sa at ein ikkje kan ignorere Tyrkias hjelp til terroristane.

– Me veit at Tyrkia fyller terroristane sine lommer og tillèt dei å tene pengar på å selje olje som er stolen frå Syria. For dei pengane kan kjeltringane rekruttere leigesoldatar, kjøpe våpen og sette i stand terrorangrep mot våre innbyggjarar, i tillegg til folk i Frankrike, Libanon, Mali og andre land, sa Putin.

Sjølv om Putin er krigersk i retorikken, så seier han også at Russland ikkje er interesserte i å rasle med sverda mot Tyrkia.

– Blir ikkje berre økonomiske tiltak

Forholdet mellom Tyrkia og Russland har vore på frysepunktet den siste veka etter at tyrkiske styrker skaut ned eit russisk fly som dei meinte var inne i tyrkisk luftrom. Russland meiner derimot at flyet heile tida var inne i syrisk luftrom, også då det vart skote ned.

Russisk fly skutt ned

Det russiske flyet vart skote ned av Tyrkia. Dei to landa er ueinige om flyet var i tyrkisk eller syrisk luftrom.

Foto: HABERTURK TV CHANNEL / Epa

I går påstod det russiske forsvarsdepartementet at Tyrkias president, Tayyip Erdogan, og hans familie er involvert i oljehandel med IS. Dette vart blankt tilbakevist frå tyrkisk hald.

Russland har gjennomført økonomiske straffetiltak mot Tyrkia, og kutta mykje av samarbeidet som landa hadde. I dagens tale åtvara Putin dei som trudde at det ville bli dei einaste tiltaka som Russland sette i gang. Han utdjupa ikkje kva andre tiltak som kan bli aktuelle.

Putin snakka ikkje om fredsprosessen i Syria, men la derimot vekt på viktigheita av at det internasjonale samfunn står saman i krigen mot terror.

SISTE NYTT

Siste nytt