Hopp til innhold

– Tunisiske statsborgarar tekne som gislar i Libya

172 tunisiske statsborgar er blitt tekne som gislar i Libya av ei militsgruppe, ifølge tunisiske myndigheiter. Gruppa krev at ein av leirane derira vert lauslaten i byte mot tunisiarane.

LIBYA-CONFLICT

Ei militsgruppe alliert m

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Gislane er blitt tekne av ein milits i Libya som er ein del av ei gruppe som kallar seg Fajr Libya, fortel Touhami Abdouli i Tunisias utanriksdepartement. Militsen kontrollerer hovudstaden Tripoli og den tredje største byen, Misrata.

– Me kjem til å gjera ein innsats for å løyse dette på eit politisk nivå. Eg er optimistisk, sa Abdouli til radiokanalen, Shems-FM i Tunisia.

Gislane brukt til forhandlingar

Den Tunisiske konsulen i Tripoli, Ibrahim Rezgui, seier han har teke imot klagar frå tunisiske statsborgarar som er uroa for gislane.

– Om lag 172 er teke som gislar av militsen som er alliert med Fajr Libya, men det kan vera fleire, meiner han.

Rezgui opplyser også at dei er i kontakt med Libyske myndigheiter om tilstanden til gislane.

Ifølge tunisiske myndigheiter så vart dei fanga etter at ein av leiarane i militsen, Walid el-Klibi, vart arrestert torsdag i Tunis.

– Saka hans er under etterforsking. Han vil bli sluppen fri om det ikkje vert funne noko mot han, opplyser Rezgui.

LIBYA-CONFLICT

Militsgruppa Fajr Libya kontrollerer hovudstaden Tripoli og den tredje største byen, Misrata.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Vil kvitte seg med alle fraksjonar i landet

Libya har vore prega av manglande stabilitet og omfattande konfliktar mellom ulike fraksjonar, etter at den tidlegare president Muammar al-Gaddafi vart teke til fange og seinare drepen i 2011.

Fajr Libya har tidlegare sagt til nettavisa Al-Arabiya at målet er å sette landet på rett spor igjen etter opprøra som starta i februar 2011. Gruppa sa også at dei vil ha stabilitet og tryggleik i landet. Opprørande som fjerna Muammar al-Gaddafi frå makta har teke del i deira operasjonar for å reinska landet for alle stammefraksjonar og væpna grupperingar, ifølge gruppa.

SISTE NYTT

Siste nytt