Hopp til innhold

– Sea Shepherd senka sin eigen båt for å få sympati

Sea Shepherd senka sin eigen superbåt for å vinne offentleg sympati, hevdar ein tidlegare medlem av anti-kvalfangstgruppa.

Video nsps_upload_2010_1_6_10_48_13_2838.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Her blir superbåten til Sea Shepherd rent i senk.

Pete Bethune var kaptein på den høgteknologiske båten Ady Gil då eit japansk kvalfangarskip krasja i baugen på båten i januar.

Båten fekk store skader, men gjekk først ned to dagar etter hendinga.

Bethune seier no at det var han som senka båten etter ordre frå Sea Shepherd-sjefen.

– Paul Watson var min admiral. Han gav meg ein ordre og eg utførte han, seier Bethune til radioen i New Zealand ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Ville lage betre TV

Pete Bethune på ein pressekonferanse i New Zealand 12. juli

Pete Bethune på ein pressekonferanse i New Zealand 12. juli.

Foto: DOMINION POST / Reuters

Ifølgje Bethune øsnkte Watson å senke båten for å vinne offentleg sympati og for å lage betre TV.

– Eg var skjemd over det då det skjedde, og eg er skjemd over det no, seier Bethune.

Sea Shepherd fekk stor merksemd då trimaranen Ady Gil følgte etter det japanske kvalfangarskipet Shonan Maru 2 til Sørishavet.

Bethune måtte vente fem månader i eit japansk fengsel på ei rettssak, men fekk til sist ein dom på vilkår etter å ha vedgått mellom anna å hindre komersiell aktivitet, hærverk og å bere kniv.

– Bethune var bitter

Paul Watson i Sea Sheperd

Sea Shepherd-sjef Paul Watson nektar for påstandane.

Foto: Sea Shepherd Conservation Society / AP

Watson nektar for påstandane, og seier Bethune var bitter fordi han ikkje lenger er velkommen i Sea Shepherd.

– Ingen gav han ein ordre om å senke båten. Bethune var kaptein på Ady Gil, og han bestemte alt om bord, seier Watson.

Ifølgje BBC vart Bethune kasta ut av Sea Shepherd etter at det vart avslørt at han gav falsk informasjon til japanske myndigheiter om Watson for å bli skåna av japansk rett.

No trur kommentatorar ifølgje BBC at ein krangel mellom dei to kan undergrave kampen mot det japanske kvalfangstprogrammet.

SISTE NYTT

Siste nytt