Grunnlovsrådet i Elfenbenskysten har gjort om på valresultatet, og seier at sittande president Laurent Gbagbo vann likevel.
Utfordrarkandidaten Alassane Outtara vart i går utropt av den uavhengige valkommisjonen som vinnar med 54,1 prosent av stemmene.
Grunnlovsrådet sa like etterpå at kunngjeringa var ugyldig fordi ho kom for seint. Fristen gjekk ut onsdag, meiner dei.
- Les:
Kasta stemmer
I dag har grunnlovsrådet utropt Gbagbo som vinnar med 51 prosent av stemmene, ifølgje nyheitsbyrået AFP.
Det gjorde dei etter at stemmene i fire distrikt som støtta Ouattara, vart kasta.
– Valresultatet i distrikta er annulerte. Laurent Gbagbo er valt til president i Elfenbenskysten, annonserte leiaren i grunnlovsrådet Paul Yao N'dre på nasjonalt fjernsyn.
Grunnlovsrådet blir vurdert å vere lojalt mot Gbagbo, og ekspertar meiner han brukar rådet som ein siste utveg for å kunne halde på makta.
– Respekter folket
Utsendingar frå både FN, EU, Den afrikanske union og Carter-senteret har sagt at valet gjekk rett for seg.
Den afrikanske union seier dei er djupt bekymra over utviklinga i landet, og at dei meiner det er viktig at folket får viljen sin og at valresultatet blir respektert.
– Alle andre tilnermingar kan føre Elfenbenskysten inn i ei krise som ingen veit konsekvensane av. Det gjeld også for sjølve regionen og for heile kontinentet, seier unionen i ei fråsegn.
FN avviser at valresultatet skal endrast, slik grunnlovsrådet har gjort. FN-generalsekretær Ban Ki-moon seier Alassane Ouattara vann valet, og ber Laurent Gbagbo om å syte for ein grei overgang.
Fryktar krig
Presidentvalet skulle samle landet som vart delt mellom nord og sør i ein krig i 2002-2003. I går kveld stengde militæret i Elfenbenskysten grensene og luftrommet på grunn av den politiske krisa etter presidentvalet.
Grensene vart stengde etter at grunnlovsrådet kjente presidentvalet ugyldig.
- Les også:
Utviklingsminister Erik Solheim (SV) uttalte til NRK at han fryktar at uroen kan føre til ein ny borgarkrig.
– Det er eit potensial for vald. Landet har vore gjennom ein lengre borgarkrig mellom nord og sør, og det er veldig ulik regional støtte til dei to kandidatane, seier Solheim.
Gbagbo har site som president sidan 2000, medan Ouattara tidlegare har vore seniorrådgjevar for Det internasjonale pengefondet IMF.