Hopp til innhold

– Noreg har ikkje avgjerdsmakt

I ettermiddag deltek den norske justisministeren i eit ekstraordinært EU-møte om fordelinga av flyktningar som kjem til Europa. Men til sjuande og sist har Noreg ingenting me skulle ha sagt, ifølgje folkerettsjurist.

Demonstrasjon til støtte for asylsøkjarar i Brussel, Belgia

Demonstrantar maskerte som europeiske statsleiarar har stilt seg opp utanfor EU sitt hovudkvarter i Brussel i forkant av dagens møte om flyktningsituasjonen. Blant spørsmåla som skal diskuterast er korleis europeiske land skal fordela flyktningane seg imellom på ein rettferdig måte. Demonstranten lengst til venstre skal førestilla statsministeren i Ungarn, som har lagt ut piggtråd langs grensa.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Justisminister Anders Anundsen utenfor Trandum

Justisminister Anders Anundsen (Frp) deltek i dag på EU-møtet om fordeling av flyktningar i Europa.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Vigdis Vevstad

Folkerettsjurist Vigdis Vevstad seier Noreg ikkje har avgjerdsmakt når det gjeld Dublin-ordninga. Dei langsiktige løysingane EU-landa omsider kjem fram til på flyktningproblematikken må Noreg godta eller forkaste.

Foto: NRK

Justisministrane og innanriksministrane i EU er i dag samla i Brussel for å diskutera ein felles europeisk respons på flyktningkrisa som veks i omfang frå dag til dag.

Også justisminister Anders Anundsen (Frp) og statssekretær Jøran Kallmyr er på plass i Brussel. Dei har rett til å delta på møtet og kome med innspel, men ikkje rett til å votere på lovendringar.

Ifølgje folkerettsjurist Vigdis Vevstad, kan Noreg bestemme om dei vil vere med å hjelpe på kort sikt. Men når det gjeld endringar av Dublin-ordninga har ikkje Noreg avgjersmakt.

– Dersom det langsiktige forslaget går heim blant EU-landa, har ikkje Noreg noko me skulle ha sagt.

Noreg kan berre påverka i form av å samarbeida med dei andre Dublin-landa som er EU-medlemmer, seier Vevstad til NRK.

Forhandlar om kortsiktige og langsiktige tiltak

Det er snakk om to forskjellige spor. Ei kortsiktig avgjersle i dag om relokalisering av 160.000 personar. Og eit lovforslag frå Kommisjonen som truleg ikkje blir diskutert i dag, men som dreier seg om ei endring i Dublin-ordninga.

  • KORTSIKTIG: Ei unntaksordning for å omplassera 160.000 asylsøkjarar til andre land frå dei landa som har teke imot desidert flest: Hellas, Ungarn og Italia. Her kan Noreg velje om dei vil vere med å bidra eller ikkje.
  • LANGSIKTIG: Ei permanent ordning som blir implementert i Dublin-forordninga og stiller krav til at andre land skal trø til og ta imot flyktningar frå eit land dersom EU-kommisjonen slår fast at dette landet er i ein krisesituasjon. Her har ikkje Noreg avgjerdsmakt. Vi må enten godta eller forkaste den eventuelt nye Dublin-ordninga.

Dersom EU-landa greier å bli samde om ei obligatorisk kvoteordning, vil fordelinga skje ut ifrå faktorar som bruttonasjonalprodukt, folkesetnad og kor mange flyktningar landa allereie har teke imot.

Men land som Ungarn, Slovakia, Tsjekkia og Polen har i forkant av dagens møte gitt tydeleg beskjed om at dei ikkje vil gå med på ei slik kvoteordning.

Ifølgje Vevstad er både Dublin-avtalen og Schengen-samarbeidet no under press.

– Det som ikkje skulle skje, skjer. Flyktningar reiser frå land til land og det verkar som at heile Dublin-systemet ikkje blir brukt, seier ho.

– Mot reforhandling av Dublin-avtalen

Espen Olsen, seniorforskar ved ARENA, UiO

Espen Olsen er seniorforskar ved ARENA, Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo.

Foto: ARENA, UiO

Ho får støtte frå seniorforskar Espen Olsen ved Senter for europaforsking ved Universitetet i Oslo.

– Det som sikkert vil pressa seg fram under forhandlingane i dag, og som har vore ein debatt i lang tid, er at Dublin-avtalen ikkje fungerer spesielt godt. Det er eit altfor stort press på dei landa asylsøkjarane kjem til først. Avtalen må kanskje reforhandlast igjen.

At ministrane greier å landa løysingar for flyktningproblematikken i dag, trur han er usannsynleg.

– Men eg kan vanskeleg sjå føre meg at det kjem fram varige løysingar på dette møtet i dag, seier seniorforskaren.

Møtet i Brussel skal etter planen starta kl. 15 norsk tid, og det er varsla pressekonferanse kl.19.

SISTE NYTT

Siste nytt