Kalkunen vert senka sakte ned i frityrkokaren, og plutseleg står flammane fleire meter opp i lufta. Oljen har teke fyr, og flyt utover golvet. På få minutt står heile verandaen i brann.
Videoen er ei åtvaring til alle amerikanarar som no førebur seg til Thanksgiving, høgtida vi kallar hausttakkefest.
– Vi reknar med at det i snitt oppstår 1400 brannar kvart år på denne dagen som følgje av matlaging. Det er tre gongar så mange brannar som på andre dagar i året, skriv styresmaktene i åtvaringa.
Dei håpar at videoen skal få fleire amerikanarar til å vere meir forsiktige når dei førebur kalkunmiddagen på torsdag.
KALKUN: Høgtida vert markert med familiefest, og på bordet står ofte kalkun med mellom anna stuffing som tilbehøyr.
Foto: APGrytene eksploderer
Styresmaktene kjenner til 107 tilfelle av brannar sidan 2004, der det har vore gryter med kalkunar som har teke fyr.
– Brannane har ført til at 47 menneske er blitt skadde, og har gjort skade for 5,2 millionar dollar, står det i åtvaringa.
Thanksgiving er ein nasjonal festdag, og kanskje den aller største høgtida i USA. Der vert den feira den fjerde torsdagen i november, med familiefest og kalkun.
Kvart år et amerikanarane rundt 46 millionar kalkunar under Thanksgiving og 22 millionar i løpet av jula.