Hopp til innhold

– Har funne kjemiske våpen i Libya

Det er gjort funn av kjemiske våpen i Libya, stadfestar leiaren for Det nasjonale overgangsrådet (NTC), Mahmoud Jibril.

Mahmoud Jibril, Libya gaskaboddosašráđi stáhtaministár

Den avtroppande leiaren i Libya, Mahmoud Jibril, stadfestar no at det er oppdaga kjemiske våpen i Libya.

Foto: MAHMUD TURKIA / Afp

Jibril informerte om funnet søndag, og seier utanlandske inspektørar kjem til Libya i løpet av veka for å handtera saka.

Ein talsmann for Overgangsrådet seier til fjernsynskanalen Al Arabiya at det er snakk om atomvåpen.

Han legg til at Det Internasjonale Atomenergibyrået (IAEA) skal henta inn fleire detaljar kring våpna før dei går ut med fleire detaljar om våpenfunnet.

– Vil ikkje ha slike våpen

Statsminister Jibril understrekar at det ny Libya ikkje har interesse av å behalda slike våpen.

– Me ønskjer å forsikra dykk om at det nye Libya blir eit fredfullt Libya. Det er ikkje i vår interesse å ha våpen lagra her, sa den avtroppande statsministeren til journalistar søndag.

Førre veke sa FN-utsendinga til Libya, Ian Martin, til Tryggingsrådet at det var oppdaga uklarerte lagringsplassar for kjemiske våpen i landet.

Denne veka skal FN stemma over eit russisk utkast til ein resolusjon som oppmodar libyske styresmakter til å øydeleggja beredskapslager med kjemiske våpen.

Muammar Gaddafi avslutta offisielt atomvåpenprogrammet i 2004 for å styrkja Libya sitt forhold til Vesten.

SISTE NYTT

Siste nytt