NRK Meny
Normal

– Frankrike organiserer folkemordet

Frankrike møter krass kritikk frå muslimar i Den sentralafrikanske republikk. I raseri og sorg langar dei ut mot dei franske styrkane, som dei meiner beskyttar dei kristne, men ikkje muslimar.

Valdelege unge mann herjar i Den sentralafrikanske republikk. Moskear vert hakka ned, koranar brente og liknande. Intervjustrekk med Lindis Hurum

SJÅ VIDEO OG HØYR INTERVJU: Unge menn hakkar ned veggane til moskear i Bangui, riv i stykkar koranen og tek hemn på muslimar i Den sentralafrikanske republikk. Høyr også norske Lindis Hurum i Legar utan grenser fortelje til kinesiske CCTV om hjelpearbeidet dei held på med i landet som er herja av ein blodig religiøs konflikt.

Central African Republic

Franske soldatar er ikkje berre populære i Den sentralafrikanske republikk. Særskild ikkje blant muslimar.

Foto: Jerome Delay / Ap
CENTRAFRICA-UNREST

Ved flyplassen i Bangui har mange søkt tilflukt i ein flyktningleir.

Foto: SIA KAMBOU / Afp

Dei religiøse motsetnadane bygger seg opp i Den sentralafrikanske republikk, sjølv om styrkar frå Frankrike og Den afrikanske union er til stades i landet. Nokre muslimar meiner att på til at Frankrike bidreg til å skape eit folkemord i det sentralafrikanske landet.

– Svikarar!

– Det skal ikkje vere slik som dette. Franskmennene beskyttar dei kristne, men ikkje oss. Me vert drepne og dei seier ingenting, seier ein mann til nyheitsbyrået AFP.

Han er del av ei folkemengde som står langs vegen og hyttar med neven mot dei franske militærbilane som køyrer forbi. Folkemengda flokkar seg så tett rundt bilane at franskmennene nærast må stoppe heilt opp.

– Medskuldige! Svikarar! Kom og sjå på lika, ropar folkemengda.

– Franskmennene organiserer folkemordet. Dei er på lag med dei kristne, ropar ein mann i mengda.

Seleka vs. Anti-balaka

Dei religiøse motsetnadane har bygd seg opp dei siste månadane. Etter at president Michel Djotodia tok makta gjennom eit kupp i mars har mykje gått frå vondt til verre i landet som nærast aldri har hatt noko ordentleg statsstyre.

Opprørsgruppa Seleka, som Djotodia var leiar for, byrja å slå sprekkar, og presidenten mista kontrollen over sine eigne menn. Seleka består i stor grad av muslimar, og har valdteke, plyndra og drepe folk i Den sentralafrikanske republikk, og det er dei kristne som har teke den største støyten.

Men etter kvart har også ei gruppe som vert kalla Anti-balaka vakse fram. Denne gruppa består, i motsetnad til Seleka, stort sett berre av kristne, og dei har gitt seg sjølve oppgåva å forsvare den kristne befolkninga mot Seleka.

Kolonimakta inn med væpna styrker

Førre veke kom 1.600 franske soldatar til landet, og oppgåva var å hindre eit folkemord med religiøse og etniske undertonar. Også Den afrikanske union har tryggingsstyrkar i landet, og USA og EU har også velt å hjelpe til med materiell hjelp. Noreg auka i dag si støtte til landet med 20 millionar, og gir no 52 millionar til ulikt arbeid i Den sentralafrikanske republikk.

Men trass i den internasjonale hjelpa har det vore særs spent i landet dei siste dagane. Moskear og kyrkjer har blitt raserte av dei ulike gruppene, og fleire er drepne. Også to franske soldatar måtte bøte med livet.

– Me har sagt til alle gjennom radio og anna medium at våpen skal bli levert inn. Om ikkje det fungerer så vert me nøydde til å bruke makt, seier Frankrikes utanriksminister Laurent Fabius.

Fabius seier at Frankrike ikkje kan vende det dauve øyret til det som skjer i det tidlegare kolonilandet. Men den franske regjeringa har fått mykje kritikk på heimebane for å engasjere seg i krig på det afrikanske kontinent.

Det er ikkje meir enn eit knapt år sidan franske styrkar danna fronten mot islamistar i Nord-Mali, og også i Elfenbeinskysten var den tidlegare kolonimakta inne med soldatar etter at presidentvalet i 2010 enda i kampar mellom tilhengjarane til dei to kandidatane.

Kraftig kritikk mot FN

Den sentralafrikanske republikk har fått auka merksemd dei siste vekene, og FN er blant dei som no gir meir i humanitær støtte til landet. Men FN må tole krass kritikk, sjølv om dei har auka støtta si.

– Den kritiske humanitære situasjonen i landet har i fleire månader blitt verre, og FN burde ha kome skikkeleg på banen for lenge sidan. No må den særs seine avgjersla bli følgt opp med handling og føre til ein drastisk og radikal endring i FN sin humanitære respons, meiner Lindis Hurum i Legar utan grenser.

Ho finn seg akkurat no i Bangui, hovudstaden i Den sentralafrikanske republikk, der ho jobbar for Legar utan grenser. Ho er klar på at dei organisasjonane som i dag opererer i landet treng hjelp.

– Legar utan grenser og dei få andre organisasjonane som er til stades kan ikkje dekke alle behova. FN må stille med ein solid og konkret innsats for å hjelpe menneska her, seier Hurum, som er ein av 220 internasjonale og sentralafrikanske hjelpearbeidarar som Legar utan grenser har i landet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt