Hopp til innhold

– Fleire mistenkte for terroråtak i Bulgaria

Mykje tydar på at sjølvmordsbombaren som tok med seg seks personar i døden i Bulgaria onsdag, ikkje var åleine om åtaket. Bulgarsk politi skal ha ytterlegare to mistenkte.

Bombemannen i Bulgaria

MISTENKT: Dette er mannen som ifølgje bulgarske styresmakter står bak terroråtaket. Han skal ikkje ha vore åleine.

Foto: - / Afp

Kven som sprengte seg i lufta ved turistbussen, er framleis eit mysterium. Bulgarsk politi har offentleggjort overvakingsbilete av ein langhåra, ung mann med ryggsekk, som oppheldt seg på flyplassen før dei israelske turistane landa.

Bulgaria

BUSSEN: Ein sjølvmordsbombar sprengte denne bussen som skulle frakte israelske turistar til ferieparadiset Sunny Beach

Foto: STRINGER / Reuters

Det er teke både fingeravtrykk og DNA-prøver av sjølvmordsbombaren, men desse har enno ikkje gitt etterforskarane noko svar.

LES: Sender ut bilde av falsk førerkort av selvmordsbomber i Bulgaria

– Mannen hadde lyst ansikt, lyse auge og svært tjukt, brunt hår, seier Galina Mileva, som var med på obduksjonen av sjølvmordsbombaren, ifølgje NTB.

ALT OM Terrroraksjonen i Bulgaria

Innanriksminister i Bulgaria, Tsvetan Tsvetanov, opplyste før helga at bombemannen ikkje var bulgarsk, men at han hadde oppheldt seg i landet fire dagar før han slo til.

Ein medsamansvoren kan ha prøvd å leige bil

Enkelte hevdar at bombemannen prøvde å leige ein bil i den lille kystbyen Pomorie nokre dagar før åtaket, men blei avvist fordi utleigaren fatta mistanke til førarkortet som var utstedt i Michigan i USA. Ifølgje politiet var førarkortet falskt.

Kona til mannen som driv bilutleigefirmaet, Afrodita Petrova, seier at ho er sikker på at vedkommande var arabisk, og at han hadde barbert hovud.

– Bombemannen er ikkje same mann som prøvde å leige bil, han kan vere ein medsamansvoren, seier Bourgas-journalisten Katia Kassabova frå nettstaden besove.org.

Nettstaden var den første som publiserte bileta frå åtaket.

Islamistgruppe tek på seg ansvaret

Både amerikansk og israelsk politi bistår Bulgaria i etterforskinga, det same gjer Interpol. Ei hittil ukjent islamistgruppe hevdar å stå bak terrorbomba som kosta fem israelske turistar og ein lokal bussjåfør livet.

– Med allahs hjelp og etter nøye overvaking lukkast ein av oss med å sprenge ein jødisk buss i Bulgaria, heiter det i ei kunngjering frå gruppa som kallar seg Base of Jihad.

LES: – Iran er det farligste landet i verden

Ein talsmann for utanriksdepartementet i Bulgaria avviser overfor det bulgarske nyheitsbyrået Focus at det var denne gruppa som sto bak.

Utanriksminsiteren i Israel hevdar det var libanesiske Hizbollah som stod bak bomba.

SISTE NYTT

Siste nytt