Hopp til innhold

– Eksplosjon ved kjøpesenter i Stockholm sentrum

Politiet rykte ut til et kjøpesenter i Stockholm sentrum etter eit kraftig smell i 18.30-tida i kveld. Politiet omtaler det som ein eksplosjon.

Politi ved kjøpesenter i Stockholm etter meldinger om eksplosjon

Politiet i Stockholm har sperret av eit område ved kjøpesenteret MOOD etter meldingar om ein eksplosjon.

Foto: Marcus Ericsson/TT / NTB scanpix

Politi og redningstenesta rykte ut etter meldingar om ein eksplosjon på eit kjøpesenter i nærleiken av Norrlandsgatan i Stockholm sentrum.

Pressekontakt Carina Skagerlind i Stockholmspolitiet seier til avisa Expressen at noko av fasaden på kjøpesenteret er øydelagt.

– På noverande tidspunkt har vi ikkje fått meldingar om personskadar. Men det er opplagt at noko har eksplodert, seier Sagerlind.

Politiet sperret av område etter det som blir omtalt som en eksplosjon ved kjøpesenteret i Stockholm

Politiet i Stockholm rykte ut like etter 18.30.

Foto: Marcus Ericsson/TT / NTB scanpix

– Kjøpesenteret rista

Meldinga om eksplosjonen kom 18.28. Fleire personar skal ha høyrt eit høgt smell. Ein av dei er Helin Aldur, som var inne på kjøpesenteret Mood.

– Eg var inne på kjøpesenteret med søskenbarnet mitt då vi høyrde smellet. Heile kjøpesenteret rista, seier Aldur til Expressen.

– Folk sprang ut, vi òg. Då såg vi ei stor kvit sky av røyk.

Redningsmannskap forlet staden

Det skal vere glasbitar på bakken, og rutene på ein bil i nærleiken har øydelagte glas.

– Vi har sperra av området og gått inn med teknikarar, seier operasjonsleiar Sven-Erik Olssson hos politiet i Stockholm til Aftonbladet.

Ifølgje Expressen vil redningsmannskapa snart forlate staden.

– Det er ikkje behov for oss her, seier Tony Frank i brannvesenet i Stockholm til Expressen.

SISTE NYTT

Siste nytt