Politiet trur gjerningsmannen er død, og at han var utstyrt med ei heimelaga bombe. Han tok med seg over 20 menneske i døden etter at artisten Ariana Grande hadde gått av scena i Manchester seint i går kveld.
– Dersom det stemmer at bomba gjekk av i foajeen til Manchester Arena så er det ein svikt i rutinane.
Det seier Atle Mesøy som er terroranalytikar og dagleg leiar for Uturn, som jobbar med førebygging av valdeleg ekstremisme og radikalisering.
Ifølge Manchester Arena skjedde eksplosjonen utanfor arenaen, på offentleg stad. Det britiske jernbanepolitiet seier eksplosjonen skjedde i foajeen på arenaen. BBC skriv at det eksploderte i dét folk var på veg ut frå konserten.
Politiet i Storbritannia trur gjerningspersonen utførte åtaket åleine, men er ikkje sikre på om han hadde planlagt det åleine.
– Eit spørsmål om tid
Mesøy fortel at terrororganisasjonar som til dømes IS sender ut oppmodingar om terror heile tida. Og at det var eit spørsmål om tid før nokon slapp igjennom tryggleiksapparatet til Storbritannia.
– Det er om lag 3000 menneske i Storbritannia som styresmaktene held auge med. Då kjem det til slutt eit punkt der nokon slepp igjennom. Det er umogleg å overvake alle 24 timar i døgnet, seier Mesøy.
Han seier åtak som det vi såg i Manchester i går er svært vanskelege å oppdage på førehand.
– Både om dei har handla åleine eller stått saman med mange, så har styresmaktene problem med å overvake all kommunikasjon.
Skjerpar tryggleiken
Arenaen kan ta rundt 18.000 tilskodarar og er den største innandørsscenen i Manchester. Den er knytt saman med Victoria stasjon. 23 år gamle Grande er for tida på Europa-turné, og mange unge fans hadde funne vegen til konserten.
Over 400 væpna politikonstablar skal patruljere gatelangs i Manchester etter angrepet ved Manchester Arena, ifølge Sky News.
Det er i tillegg sett opp vegsperringar, og Victoria Station i Manchester er stengt inntil vidare.
Dei politiske partia i Storbritannia utset valkampen inntil vidare etter eksplosjonen i Manchester. Det er planlagt val i Storbritannia 8. juni. Statsminister Theresa May har kalla inn til krisemøte i etterkant av angrepet.