Hopp til innhold

– Verre i Nigeria no enn under borgarkrigen

Situasjonen i dag er verre enn under borgarkrigen på 1960-talet, seier Nigerias president Goodluck Jonathan.

Nigerias president Goodluck Jonathan.

Nigerias president Goodluck Jonathan meiner situasjonen i Nigeria i dag er verre enn under borgarkrigen på 1960-talet.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Angriparane har også gjort stor skade på kyrkjene.

Det har vore systematiske angrep på kyrkjer den siste tida.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

Den islamistiske militsen Boko Haram har dei siste veke gått til angrep på kristne i det nordlege Nigeria, og berre sidan jul er over 80 menneske drepne. I ei gudsteneste i hovudstaden Abuja i dag sa han også at det truleg er folk som sympatiserer med Boko Haram i den nigerianske regjeringa.

– Sympatisørar i maktapparatet

– Nokre av dei har stillingar i den utøvande regjeringsmakta, andre igjen er å finne i parlamentet, og det er til og med ein del av dei i dommarstanden, sa Goodluck Jonathan under gudstenesta, som vart halden i samband med hæren sin dag i Nigeria.

Presidenten sa også at det er Aboko Haram-sympatisørar i hæren, i politiet og i tryggingstenesta.

Nigeria, bombeangrep mot kirke

Det er frykt for at valden mot kristne i Nigeria er starten på ein ny borgarkrig i landet.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

– Situasjonen vi har no er verre enn borgarkrigen vi utkjempa. Den gongen visste vi kvar fienden kom frå. Men utfordringa vi står overfor i dag er langt meir komplisert, sa han blant anna i talen sin.

Dette er første gong Goodluck Jonathan har sagt at Boko Haram har sympatisørar i den nigerianske regjeringa, sjølv om det lenge har vore spekulert i om det er slike band. Presidenten er no under sterkt press for å gjere noko som kan stanse valdsbruken nord i landet.

Vil forsvare seg

Kristne leiarar gjekk i går ut og sa at dei no diskuterer korleis dei skal forsvare seg mot den islamistiske militsen. Leiaren for samanslutninga av kristne i Nigeria sa i går at det som no skjer i den nordlege delen av landet er regelrett etnisk og religiøs reinsing .

Ayo Oritsejafor, leiar for Christian Association of Nigeria.

Ayo Oritsejafor er leiar for samanslutninga av kristne i Nigeria.

Det er i no reell frykt i Nigeria for at valdsbruken kan ende i ein borgarkrig mellom kristne og muslimar i landet. Under borgarkrigen på 1960-talet vart over ein million menneske drepne.

Samstundes er regjeringa også pressa av kraftig motstand mot ei ny lov som fjernar statlege subsidiar på drivstoff. Det har alt vore fleire streikar og demonstrasjonar mot den nye lova, og det er varsla nye aksjonar i morgon måndag.

LES OGSÅ: Seks drepne i nytt kyrkjeangrep

LES OGSÅ: Unntakstilstand i Nigeria

Krev at kristne skal flytte

Dei rundt 160 millionar innbyggjarane i Nigeria er halvparten muslimar og halvparten kristne. Dei kristne bur hovudsakleg i sør, medan muslimane dominerer i nord. Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika.

President Goodluck Jonathan har sjølv kristen bakgrunn.

Islamistgruppa Boko Haram har kravd at alle kristne skal forlate det nordlege Nigeria, og har gjort det klart at alle som ikkje reiser risikerer å bli drepne.

Dette skal vere medlemer av islamistgruppa Boko Haram i Nigeria.

Medlemer av islamstgruppa Boko Haram, som sidan jul har drepe over 80 kristne i det nordlege Nigeria.

Foto: HO / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt