Hopp til innhold

Islamistgruppe bak massedrap på kristne

Islamistgruppa Boko Haram har teke på seg skulda for drapa på rundt 20 kristne i det nordaustlege Nigeria i går og i dag.

Dette skal vere medlemer av islamistgruppa Boko Haram i Nigeria.

Videograbb av det som skal vere medlemer av islamistgruppa Boko Haram i Nigeria.

Foto: HO / Afp

Ein talsmann for gruppa, Abul Qaga, seier at drapa var eit direkte svar på eit ultimatum han gav til dei kristne innbyggjarane i området sist søndag, om å reise frå det nordlege Nigeria eller bli drepne.

– Vil utvide aksjonsområdet

Nigeria, bombeangrep mot kirke

Det har vore fleire angrep mot kyrkjer i det nordaustlege Nigeria dei siste vekene.

Foto: AFOLABI SOTUNDE / Reuters

– Vi er ansvarlege for angrepa i Mubi og Gombe. Vi kjem til å utvide aksjonsområdet vårt for å vise at unntakstilstanden som presidenten har sett i verk, ikkje kjem til å få nokon verknad for oss. Vi kan reise dit vi vil, sa Abul Qaqa over telefonen til journalistar i byen Maiduguri i dag.

Det blir ikkje aktuelt å stanse angrepa, sa han, utan at alle Boko Haram-medlemer i nigerianske fengsel blir sette fri.

I dag vart minst 16 menneske drepne i eit nytt angrep mot kristne i byen Mubi. Slektningar og vener av ein mann som vart drepen i går kveld, hadde samla seg i rådhuset i byen for å sørgje.

Midt under seremonien tvang væpna menn seg inn i bygningen og drap minst 16 av dei sørgjande.

Seint fredag kveld vart minst åtte menneske drepne då væpna menn gjekk til angrep på bedande i ei kyrkje i delstaten Adamawa. Talet på drepne kan kome til å stige, seier ei sjukehuskjelde til AFP.

Fredag gjekk væpna menn til angep på ein politistasjon i delstaten Jobe lenger vest i Nigerie. Dei ropte «alluh akbar» (allah er stor) og skaut mot politistasjonen. Fleire menneske skal ha blitt drepne i skotvekslinga som fylgde.

Angrep mot kyrkje

Nigerias president Goodluck Jonathan

Nigerias president Goodluck Jonathan har innført unntakstilstand i fire provinsar nord i Nigeria.

Foto: PIUS UTOMI EKPEI / Afp

Dette skjedde dagen etter at seks menneske vart drepne og ti såra i eit angrep mot ei kyrkje i Gombe, også det i det nordaustlege Nigeria. Det har sidan jul vore nesten daglege angrep mot kristne i denne hovudsakleg muslimske delen av Nigeria.

Ein talsmann for kyrkjesamfunnet Deeper Life Church i Gombe sa i går at han var sikker på at det var Boko Haram som stod bak angrepet.

Etter angrepet mot ei kyrkje like utanfor den nigerianske hovudstaden Abuja første juledag, der minst 39 menneske vart drepne, og fleire angrep dei neste dagane, innførte president Goodluck Jonathan unntakstilstand i fire delstatar nord i landet.

Angrepet i dag skjedde i ein delstat nær grensa til Kamerun der det ikkje er innført unntakstilstand.

LES OGSÅ: Masseprotest mot religiøs fanatisme

LES OGSÅ: – Opp mot 100 drept i uro i Nigeria

Vil innføre Sharia

Nigeria er med sine 160 millionar innbyggjarar det mest folkerike landet i Afrika. Det er om lag halvparten kristne og halvparten muslimar i landet, der dei kristne er dominerande i sør og muslimane i nord.

Islamistgruppa Boko Haram har ifølgje Wikipedia hovudkvarteret sitt i byen Maiduguri i delstaten Borno i Nigeria, med Muhammad Yusuf som leiar. Han vart arrestert i 2009, og han skal no vere død.

Den islamistiske gruppa har som mål å innføre Sharia-lovene i heile Nigeria, og gruppa har vore i konstant konflikt med regjeringa og dei kristne heilt sidan byrjinga av 50-talet. Dei lokale innbyggjarane kallar ofte medlemene i gruppa for talibanar.

Boko Haram tyder på norsk noko slikt som «vestleg utdanning er synd».

SISTE NYTT

Siste nytt