Pastoren i kyrkja, Justin Jauro, seier at kona hans er blant dei drepne. Han fortel at angriparane skaut gjennom vindauget i kyrkja hans i Gombe, og at minst ti andre kyrkjegjengarar vart såra i angrepet.
– Eg leidde kyrkjelyden i bøn. Vi stod med lukka auge då fleire væpna menn byrja å skyte, seier han.
Fleire angrep mot kristne
Det har vore fleire angrep mot kristne i denne delen av Nigeria i det siste. Islamistgruppa Boko Haram har teke på seg skulda for fleire av angrepa. 44 menneske vart drepne i eit angrep mot ei kyrkje i hovudstaden Abuja.
Presidenten i Nigeria, Goodluck Jonathan har innført
i det nordlege Nigeria, og han har lova å knuse den islamistiske gruppa Boko Haram.Boko Haram har tidlegare sagt at dei vil jage dei kristne ut av det nordlege Nigeria.
Seinast sist tysdag vart det i ein artikkel i ei lokal avis åtvara om at alle kristne no har tre dagar på seg til å forlate det nordlege Nigeria, elles vil dei blir drepne.
Analytikarar trur den islamistiske gruppa er ute etter å framprovosere hemnaksjonar frå kristne grupper i området.
Også etnisk uro
Det har vore ein kraftig auke i religiøs og etnisk vald i Nigeria. Sist søndag vart minst 50 menneske drepne i den austlege delstaten Ebonyi i kampar mellom ulike etniske grupper om rettar til jord.
Det nordlege Nigeria har eit muslimsk fleirtal, medan den sørlege delen av landet har flest kristne.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: